Hopp til innhold

Basehoppar døydde etter landing i Oppstrynsvatnet

Stryn kommune har oppretta kriseteam etter at ein mann i 20-åra omkom i ei basehoppulukke fredag kveld.

Oppstrynsvatnet

Mannen hoppa saman med ein annan, då han hamna i Oppstrynsvatnet.

Politiet fekk melding like over midnatt. Ein time seinare vart mannen stadfesta omkomen.

– Vi fekk melding om at ein person hadde utført eit basehopp og hamna i Oppstrynsvatnet. Folk på staden fekk mannen opp på land. Han vart så sendt til sjukehuset i Førde av eit redningshelikopter, seier operasjonsleiar Arve Samsonsen i Vest politidistrikt til NRK laurdag morgon.

Brukte vingedrakt

Mannen skal ha brukt ei sokalla vingedrakt da han landa i vatnet.

– Vi har fått opplyst at det var to personar som hoppa saman. Den eine har av ein eller annan grunn hamna i vatnet, seier Samsonsen.

Han fortel at politiet har oppretta undersøkingssak og at saka blir etterforska av politiet i Nordfjord.

Politiet jobba laurdag morgon framleis med å varsle dei pårørande. Dei ynskjer difor ikkje å kommentere kvar mannen kjem frå.

Får oppfølgjing

Sven Flo

KRISETEAM: Ordførar Sven Flo i Stryn seier kriseteamet følgjer opp dei involverte i den tragiske ulukka fredag kveld.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Dødsulukka er den andre på kort tid i Stryn. I slutten av april omkom ei kvinne i ei speedgliderulukke frå fjellet Hoven.

Ordførar Sven Flo tykkjer det er tragisk at endå eit ungt liv har gått tapt etter hopp frå fjella i kommunen.

Det psykososiale kriseteamet til kommunen følgjer opp dei involverte ulukka fredag.

– Dei får oppfølging frå helsepersonell og personell som er godt trena, og har kompetanse i høve til handtering av denne type ulukke. Dei får all hjelp dei vil ha behov for i løpet av dagen i dag, seier Flo.

Flo vart raskt varsla om ulukka, men vart først seint i natt kjend med utfallet og omfanget.

Laster Twitter-innhold