Hopp til innhold

Over ein halv million har sett det spektakulære basehoppet

 

«Seks, fem, fire tre, to og ... en..». Så kastar Espen Fadnes seg utfor fjellet. Det spektakulære basehoppet er no sett av over ein halv million.

I ei kvit og oransje vingedrakt står Espen Fadnes (32) på toppen av Marsåhyrna i Stryn. Alt er planlagt ned til den minste detalj, og etter å ha visualisert hoppet kastar han seg utfor kanten.

Den fantastiske videoen syner korleis moldensaren flyr i 250 kilometer i timen ned det 1240 meter høge fjellet. Ned mot den grøne fjorden, med blå himmel og solskin som fantastiske kulisser.

– Eg vil gjerne gi sjåarane den same kjensla som eg sjølv har rundt ei hopp. Eg er veldig skjerpa og til stades i augneblinken, har Fadnes tidlegare fortalt om hoppet.

Og nettopp den kjensla er det mange som har fått føle på. Klippet som er lagt ut på YouTube har på berre vel to og ei halv veke fått over 550.000 klikk. Dei fleire hundre kommentarane syner utan tvil at folk let seg imponere.

– Eg tippar dei som måtte gå ned att var sjalu. Eg kan ikkje tru det, wow, skriv ein av dei som har sett videoen.

Fadnes sjølv seier han håpar å formidle den fantastiske kjensla av å drive med basehopping og vise folk flest kva som går føre seg i hovudet på ein person i fritt fall.

– Folk har sagt til meg at eg verkar heilt roleg rett før eg hoppar ut frå kanten. Det er det heilt motsette. Eg er livredd. Eg har berre utvikla teknikkar og metodar for å takle frykta, seier Fadnes som vart kåra til Verdas raskast flygande menneske i 2010.