Åge Rosnes. Arkivfoto NRK
- Vi har ikkje lagt oss borti prioriteringane til styret for Høgskulen i Sogn og Fjordane. Etter at vi overtok la vi inn 1,34 millionar kroner til Høgskulen for å reversere kutta til Bondevik-regjeringa, og så har Stortinget plussa på endå 0,7 millionar. Frå oss handlar det ikkje om overstyring, tvert imot meiner vi at styret for Høgskulen må få prioritere innanfor dei rammene dei har, seier Rosnes.
- Steg i rett retning
Rektor Johs. Thaule synest dette er positivt, og eit steg i rett retning. Men han vil ikkje forskottere noko vedtak i høgskulestyret.