Politiet gjekk til aksjon mot ei leilegheit i Bergen, 7. august i fjor. Der fann dei ein sju år gammal gut, bunden fast i ei seng.
Faren hans, ein mann i starten av 30-åra, er no tiltalt for grov mishandling av sonen.
Ifølgje tiltalen kunne skadane vore livstrugande for guten, dersom han ikkje hadde blitt funnen og gitt medisinsk behandling.
– Saka gjeld ei veldig grov og alvorleg mishandling av ein gut på sju år, over ei periode på to-tre veker, seier statsadvokat Jan-Inge Wensell Raanes til NRK.
Guten hadde skadar som svara til tredjegrads forbrenning, fleire ribbeinsbrot og skader på indre organ.
NRK har vore i kontakt forsvarsadvokat Ahmad Taha, som representerer den tiltalte. Taha seier at dei ikkje har noko kommentar til skuldspørsmålet.
Barnevernsskandalen i Bergen
Saka førte i fjor til at Statsforvaltaren i Vestland la fram ein tilsynsrapport mot barnevernet.
I denne kom det fram at faren sjølv bad barnevernet om hjelp i saka, kring ein månad før guten blei funnen skada.
Saman med ei anna alvorleg barnevernssak, førte tilsynsrapporten til eit mistillitsforslag mot byrådet i Bergen. Byrådet valde å gå av som følgje av barnevernsskandalen som blei avdekka.
Statsadvokat Raanes seier til NRK at faren fekk sonen til Noreg, men at dei eigentleg ikkje hadde hatt noko relasjon før dette.
– Guten kom til Noreg i slutten av juni 2022, og politiet gjekk inn i denne leilegheita 7. august 2022. Der er det eit hendingsforløp på omtrent fem veker, seier han.
Bistandsadvokaten til den fornærma, May-Britt Løvik, seier dei ikkje vil kome med nokre opplysingar på dette tidspunktet korleis guten har det no.
– Han blir teken vare på av det offentlege på den måten som dei meiner er best, seier ho.
Kan bli forvaring
Mannen er også tiltalt for trugsmål og vald mot ei kvinne, vald mot ein fengselsbetjent, trugsmål mot ein fengselsbetent og ein psykolog, og mindre narkotikalovbrot.
Den tiltalte sit i varetekt i Bergen fengsel. Statsadvokatane i Hordaland, Sogn og Fjordane meiner saka vil kome for retten rundt juletider.
I tiltalen varslar statsadvokaten at han kan be om at mannen blir dømt til forvaring.