Hopp til innhold

Barnevernet snakkar ikkje med barna i 4 av 10 undersøkingssaker

Barn blir ofte ikkje høyrde i undersøkingssaker i barnevernet, viser ny rapport. Michelle (21) og Mathilde (17) seier dei blei ikkje snakka med.

Mathilde i Forandningsfabrikken

FEKK IKKJE SNAKKE: – Barna må alltid bli snakka med, seier Mathilde (17). Ho er «proff» i Forandringsfabrikken, der ho jobbar med å gjev råd til styresmaktene.

Foto: Morten Brun / Forandringsfabrikken

Fyrste gongen barnevernet var på besøk heime hos Mathilde (17), visste ho ikkje at dei var der.

– Eg var i huset, men dei snakka ikkje med meg. Da var eg 10 år. Eg visste eigentleg ikkje kva barnevernet var, og at dei kunne hjelpe meg, seier Mathilde.

Saka hennar blei lagt bort.

Fire år etter kom nye bekymringsmeldingar. Då blei ho snakka med, men ho følte seg likevel ikkje godt nok høyrt.

– Barna må alltid bli snakka med, og dei må bli snakka med om det som er viktig. Eg kunne fått det betre om eg vart snakka med. Då kunne dei har gjort noko med det som faktisk var årsaka, seier Mathilde, som i dag jobbar som «proff» for Forandringsfabrikken.

Ein «proff» jobbar med å gjev råd til styresmaktene.

Få blir snakka med

Ein fersk rapport frå Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) presenterer resultata etter at forskarar har gått gjennom 1123 undersøkingssaker i barnevernet.

I 40 prosent av desse sakene blei ikkje barna samtala med. Rapporten peiker også på at eldre barn oftare blir teke med i samtalar enn yngre barn, og jenter oftare enn gutar.

– Vi er heilt samde i at det trengst ei kompetanseheving i barnevernet i kommunane, skriv direktør Mari Trommald i Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) i ein e-post.

Les meir av kva Bufdir svarer nederst i saka.

– Dei burde spurt meg om korleis eg hadde det

Michelle, som og er «proff» for Forandringsfabrikken, kunne ynskja ho blei involvert tidlegare. Fyrste gong ho var i kontakt med barnevernet var ho fem år.

– Eg blei snakka lite med. Da eg blei det, handla det om overflatiske ting. For eksempel om korleis det går med fritidsaktiviteten. Dei burde spurt meg om korleis eg eigentleg hadde det, seier Michelle.

Ho meiner tiltaka som vart sette inn kunne vore betre om ho blei snakka med.

– Det nyttar ikkje å snakke med barn ein eller to gonger. Da blir det ikkje trygt nok, seier Michelle.

Michelle i Forandringfabrikken

PROFF: Michelle er «proff» i Forandringsfabrikken. Der ho jobbar med å gjev råd til barnevernet.

Foto: Morten Brun / Forandringsfabrikken

Sentral garanti

– Barn mister sin lovfesta rett til å medverke i barnevernets undersøkingar dersom samtalen blir borte. Å ikkje snakke med barna kan gjere at dei ikkje får den hjelpa dei har rett på og behov for, seier forskar Karen J Skaale Havnen i RKBU Vest, NORCE.

I berre ein femtedel av sakene blei det grunngjeve kvifor barna ikkje blei snakka med, slik ein skal ifølgje lova.

Leiar for Redd Barna i Noreg, Thale Skybak, er bekymra for funna.

– Tala er svært alvorlege. Samstundes er me ikkje overraska. Det finst fleire utgreiingar der dei har kome fram til det same, seier ho.

– Treng betre kompetanse

Skybak seier alle barn har rett til å bli høyrt i saker dei er involvert i.

– Det er nedfelt i FNs barnekonvensjon og i barnelova, i tillegg til vår eiga grunnlov. Å ikkje bli snakka med kan gi store konsekvensar for livet til barna, seier ho.

Ho meiner barnevernet må få fleire ressursar for å heve kompetansen.

– Det finst mange metodar og retningslinjer for korleis ein snakkar med barn. Alle barn skal bli snakka med uavhengig av språk og alder. Det kan hende barnevernet gjer så godt dei kan innanfor dei rammene dei har, seier ho.

Ny barnevernslov på veg

Vårt Land har og omtala saka. Til avisa seier barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF) at retten til medverknad er ein sentral rettsgaranti.

– Barna veit best sjølv korleis dei har det, og barnevernet treng å forstå det for å kunne vurdere barnets beste, seier han.

Neste vår kjem forslaget til ny barnevernslov, noko Ropstad meiner vil betre situasjonen.

– Systemfeil

Marit Sanner, leiar i Forandringsfabrikken, meiner at rapporten viser resultata av det ho kallar «systemfeil» i barnevernet.

– Noko som er viktig, er at rapporten viser at det er 60 prosent større sjanse for at det blir sett inn tiltak når barna blir snakka med, seier ho.

Ho meiner det er foreldra og ikkje barna som er hovudpersonen i undersøkinga, slik systemet er no. Ho håpar ny lov vil forandre dette.

– Foreldra blir i dag snakka fyrst med – og mest med. Barna får ikkje vite kva som skjer med det dei fortel. Korleis kan eit barn da finne tryggleiken til å snakke om noko vanskeleg eller vondt? spør ho.

Mari Trommald, Bufdir

FLEIRE: Direktør Mari Trommald i Bufdir understrekar at barnevernet snakkar med fleire barn enn tidlegare.

Foto: Tine Poppe

– Foreldre er samarbeidspartnarar

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet har vald å svare NRK på e-post. Dei skriv at dei bestilde rapporten for å forbetre utviklinga av eitt nytt fagsystem for kommunane. Rapporten viser at det er viktig, skriv direktør Mari Trommald til NRK.

– Vi er heilt samde i at det trengst ei kompetanseheving i barnevernet i kommunane, skriv Trommald.

Ho trekker samstundes fram at barnevernet snakkar med fleire barn enn tidlegare.

– Det er foreldre som har ansvaret for omsorga for barna, og dermed har foreldre vore viktige samarbeidspartnarar for den kommunale barnevernstenesta, seier Trommald.

Ho understrekar at lovverket er tydeleg på at barn har rett til å bli høyrt.

– Dersom barnevernet ikkje har samtaler med barna må det bli dokumentert kva som er grunngjevinga, og kvifor det eventuelt er til barnets beste å la vere, seier ho.