Hopp til innhold

Barneminister Toppe: – Forventar at Visma umiddelbart tek ansvar

Barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp) seier at ho synest saka er svært alvorleg.

– Spesielt er eg redd for at svikten kan ha ført til at barn som treng vern og hjelp ikkje har fått det. Dei som er bekymra for om eit barn får god nok omsorg skal kunna stola på at systemet fungerer og at bekymringsmeldingane kjem fram til barnevernet. Det er sjølve grunnplanken i systemet vårt.

Ministeren viser til at Visma som ein stor leverandør til norske kommunar no må ta ansvar.

– Eg forventar at dei umiddelbart tek ansvar og straks fortel korleis kommunar skal få fram for å finna ut om feilen gjeld hjå dei òg, og støtta dei i dette arbeidet.

Ho seier ho i dag har bede Bufdir om ein fullstendig rapport om saka og at dei set i gang nødvendige undersøkingar for å få vita kva som har skjedd, omfanget av feilen, kvifor ikkje svikten blei oppdaga tidlegare, moglege konsekvensar for sårbare barn og kva som blir gjort for å retta opp.

Statsråder møter Fornybar Norge, Distriktsenergi og Samfunnsbedriftene
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB