Hopp til innhold

Barneministeren om barnevernssakene i Bergen: – Uvanleg alvorlege

Regjeringa koplar seg på barnevernskrisa i Bergen. Statsråd Kjersti Toppe (Sp) krev å få vite korleis sakene blir følgt opp.

Muntlig spørretime i Stortinget Kjersti Toppe

SKAKA: Barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp) er opprørt over barnevernssakene som også skaper politisk krise i Bergen.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

– Eg reagerer veldig sterkt. Det er skakande og vonde saker, som ein ikkje skulle tru kunne skje i Noreg, seier barne- og familieministeren til NRK.

Kjersti Toppe (Sp) bur i og er frå Bergen, og omtalar dei siste tilsynsrapportane frå fylkeslegen i Vestland som «nådelause».

På kort tid har Statsforvaltaren konkludert med grov forsøming og fleire lovbrot i to alvorlege barnevernssaker i Bergen.

Saka har også skapt politisk krise i Bergen, der byrådet står i fare for å måtte gå grunna mistillit.

Les også Byrådsleiaren beklaga til barna: – Nokon skulle hjelpt dykk tidlegare

Byrådsleiar Roger Valhammer i forretningsutvalet 4.oktober 2022.

Krev meir informasjon om sakene

No koplar også regjeringa seg på barnevernskrisa i Bergen.

Onsdag sende barneministeren brev til Statsforvaltaren i Vestland, som har ført dei siste tilsyna med barnevernstenesta i byen.

– Eg inviterer dei til eit møte. Eg vil ha meir informasjon om tilsyna som har vore, korleis dei blir følgt opp og korleis ein kan læra av desse sakene.

For Toppe er det viktig at rapportane frå Bergen får overføringsverdi til andre kommunale barnevern.

– Tilsyn er viktig og eg forventar at rapportane blir tatt på alvor og at Statsforvaltaren heller ikkje gir seg, før ein er 100 prosent sikker på at svikten blir retta opp i, slik at ikkje fleire barn risikerer å oppleve det same.

Byrådsleiar Roger Valhammer, Bergen

UNDER PRESS: Byrådsleiar Roger Valhammer (Ap) kan få mistillitsforslag mot seg i løpet av veka.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Vil ikkje kommentere den politiske krisa

Tysdag fremja SV mistillitsforslag mot sosialbyråd Katrine Nødtvedt (MDG). Onsdag kom Folkets parti (FNB) med mistillitsforslag mot byrådsleiar Roger Valhammer (Ap).

Torsdag skal fleire opposisjonsparti avgjere om dei skal følgje SV eller Folkets parti. Resultatet kan bli at byrådet i Bergen må gå av.

– Forstår du at opposisjonen snakkar om mistillit mot byrådet?

– Det syns eg er vanskeleg å kommentera som statsråd. Men eg er også innbyggjar i Bergen og dette er skakande saker som har gjort stort inntrykk på folk. Så at det no er ei stor sak i bystyret i Bergen, det forstår eg veldig godt. På ein måte skulle det berre mangla.

– Blir barnevernet i Bergen betre av at byrådet må gå?

– Det kan eg ikkje svara på. Bystyret må gjera det som dei meiner er rett.

sosialbyråd Katrine Nødtvedt (MDG)

HAR IKKJE TILLIT: SV har fremja mistillitsforslag mot sosialbyråd Katrine Nødtvedt (MDG).

Foto: Jon Bolstad / NRK

– Ikkje berre barnevernet i Bergen som ikkje gjer ein god nok jobb

Tysdag skreiv Bergens Tidende om tilhøva for dei tilsette i barnevernstenesta i Bergen. Sidan januar har 33 av 182 tilsette, nær ein av fem, slutta i jobben

Les også Høg utskifting pregar barnevernet i Bergen: – Går utover familiane

Ole Mikalsen, Barnevernet

Barneministeren påpeikar at det ikkje berre er barnevernstenesta i Bergen som har utfordringar.

– Det er uvanleg alvorlege saker som har blitt avdekka i Bergen. Men vi har nasjonale tilsynsrapportar som peikar på dei same svakheitene andre stader i landet, seier barneministeren og ramsar opp dei same tinga som Statsforvaltaren i Vestland peikar på i sine tilsynsrapportar:

  • Svikt i undersøkingsfasen
  • Barnevernet klarar ikkje oppdage dei alvorlege tilfella
  • Ein snakkar ikkje nok, eller i det heile tatt, med barnet

Les også Helsetilsynet slår alarm: – Noe er galt med det norske barnevernet

Camilla er åtte år og blåser ut lysene på marsipankaken. Det står brus og øl på bordet.

– Det er forbetringspotensial og naudsynte ting som må skje. Det er ikkje berre barnevernet i Bergen som ikkje gjer ein god nok jobb, seier Toppe.

På spørsmålet om kva regjeringa vil gjera for å betra situasjonen, svarar Toppe:

– Det er viktig for regjeringa å styrka dei kommunale velferdstenestene, og særleg barnevernet, slik at vi får betre leiing og mindre «turnover». Regjeringa har også sagt at vi vil fremje ein kvalitetsreform for barnevernet, slik at tilsette får meir tid og rom for å følge opp barn.

Ho signaliserer at det på statsbudsjettet har vore viktig for regjeringa å styrka det kommunale barnevernet. Budsjettet blir lagt fram torsdag føremiddag.