Hopp til innhold

Har tatt master – får ikkje meir lønn

Barnehagelærar Sindre Mathiesen (33) tok master, men får ikkje meir lønn. Samstundes roper regjeringa etter fleire med mastergrad i barnehagen.

Sindre Mathisen

Barnehagelærar Sindre Mathiesen tok master, men får ikkje meir lønn. Han opplever at han heller ikkje får rom til å bruke kompetansen sin frå graden i barnehagen.

Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRK

For tre år sidan var barnehagelærar Sindre Mathiesen ferdig med ein toårig master i barnehagekunnskap.

Han får likevel same lønn som ein barnehagelærar med ein eittårig vidareutdanning – altså eit lønnstillegg på 22.000 kroner i året.

– For meg blir det tomme ord når dei seier at dei ønsker meir kvalitet i barnehagane, men ikkje er villige til å betale for det.

Mathiesen jobbar no i ein kommunal barnehage i Bergen kommune.

Ein leikebil i ein barnehage

Sjølv om Sindre Mathiesen ikkje får høgare lønn for å ta master, ønsker han å halde fram med å jobbe i barnehage.

Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRK

Barnehagelærarar har nemleg ikkje tariffavtale som automatisk gir meir lønn dersom dei tar høgare utdanning.

For å få høgare lønn må barnehagelæraren ha søkt på ei stilling som spesifikt krev ei masterutdanning.

Men i Bergen kommune finst det ingen slike stillingar.

Mathiesen må derfor vinke farvel til opp mot 80.000 kroner meir i lønn.

Sidan det ikkje finst stillingar for dei med femårig utdanning, meiner Mathiesen at han heller ikkje får arbeidsoppgåver der utdanninga blir brukt fult ut.

– For meg kjennest det som om eg sit inne med ein del kvalitetar som eg ønsker skal komme barna til gode, men det gjer det ikkje. Slik eg ser det, er det ikkje vilje til å sette dei kvalitetane i eit system.

Les også: Har tatt master – får ikke mer lønn

Intensivsykepleiere SUS
Intensivsykepleiere SUS

Ønsker fleire med master

Ein av tre barnehagelærarar med master får ingen lønnstillegg.

Blant dei som får lønnstillegg, er det vanlegaste 20.000 kroner i året, viser ei undersøking frå OsloMet på vegner av Utdanningsforbundet.

Samstundes ønsker over halvparten av barnehagestyrarane i undersøkinga tilsette med master. Likevel får svært få av dei med femårig utdanning tilpassa arbeidsoppgåvene i barnehagen.

Også regjeringa etterlyser fleire med mastergrad i barnehagestrategien dei la fram i januar i år.

Ann Mari Milo Lorentzen sitter i Utdanningsforbundets sentralstyre.

Sentralstyremedlem Anne Mari Milo Lorentzen i Utdanningsforbundet synest det er paradoksalt at meir utdanning ønskt i barnehagen, men at utdanninga likevel ikkje gir høgare lønn eller tilpassa oppgåver.

Foto: Stig Weston

Sentralstyremedlem Anne Mari Milo Lorentzen i Utdanningsforbundet synest det er paradoksalt at meir utdanning ønskt i barnehagen, men at utdanninga likevel ikkje gir høgare lønn eller tilpassa oppgåver.

– Å ha nokon med mastergrad som kan gjennomføre sjølvstendig utviklingsarbeid, innovasjon og nytenking, vil kunne vere med å løfte det totale fagleg miljøet i barnehagen.

Blir det ikkje veldig dyrt å lønne alle barnehagelærarar med mastergrad?

– Det handlar om prioriteringar. Når det er ein politisk prioritering, må ein også prioritere pengar til det.

Les også: Frykter unge skygger unna jobb i barnehage: – Vi må snakke opp yrket

Ragnhild Andersen og Veronica Åsheim
Ragnhild Andersen og Veronica Åsheim

Hovudtariffavtalen ligg til grunn

Høgre lønn og eigne masterstillingar for barnehagelærarar, blir bestemt av partane i lønnsforhandlingane i kommunane eller stentralt.

Forhandlingssjef Bjarne Mohn Olsvold i Bergen kommune stadfester at dei i utgangspunktet ikkje gir høgare lønn dersom tilsette har meir utdanning enn det som er kravd i stillingsutlysinga.

Han viser til at Bergen kommune likevel har valt å gi lønnstillegg for tilsette som har eit halvt eller eit heilt år med vidareutdanning.

– Vi ser at det er hensiktsmessig å vurdere framover om vi skal forbetre ordninga for utteljing for kompetanse utover krav til stilling, men det er ei sak mellom partane i lokale lønnsforhandlinger, seier Olsvold.

Leiar for etat for barnehage Mimi Bjerkestad i Bergen kommune viser til at​​​​​​ kommune føl bemanningskrav og kompetansekrav sett i barnehagelova.

Etablering av nye stillingar må bli sett på i samanheng med utvikling av sektoren og revidering av politiske planar og tiltak for sektoren.

Ho seier at kommunen har prioritert masterutdanning for styrarar.

Det er stadig fleire barnehagelærarar som tar master, og dette må vi ta med i det vidare arbeidet vårt, legg Bjerkestad til.

Bergen i sol

I Bergen kommune får barnehagelærarar høgare lønn for eit heilt eller halvt år med vidareutdanning.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

– Kompetanse kostar

Det finst likevel nokre kommunar der barnehagelærarar får lønn for masterutdanning.

Kommunane kan nemleg velje å gi høgare lønn enn tariff.

I fjor haust fekk barnehagelærarar i Sola kommune automatisk høgare lønn viss dei tok lengre utdanning.

Kommunalsjef for oppvekst og kultur Rune Moen i Sola kommune fortel at dei gir høgare lønn for å rekruttere og behalde barnehagelærarane.

– Kompetanse kostar, og kompetanse vil vi ha.

Han håper at masterutdanninga vil auke kvaliteten i barnehagane i kommune.

Les også: Jeanett får full lønn mens hun studerer

Jeanett Pedersen
Jeanett Pedersen