Hopp til innhold

Foreldre slo alarm om bemanninga: Reagerte på at berre éin var jobb på då dei leverte barn

Foreldre varsla om tynn bemanning, kaffiflekkar på klede og småbarn som går i same bleie ein heil dag. Etter fleire tilsyn får barnehagen i Bergen kraftig refs.

Cultiva barnehage

TILSYN: Bergen kommune meiner at det over tid har vore for få tilsette i Cultiva barnehage i Mathopen i Bergen.

Foto: Stine Mari Velsvik / NRK

Sidan barnehagen Cultiva i Mathopen i Bergen måtte betala tilbake 2 millionar kroner i offentleg tilskot i 2018, har dei vore under tett oppfølging frå Bergen kommune.

Ei av årsakene var at kommunen meinte barnehagen hadde spart pengar på ikkje å ha nok bemanning i barnehagen.

No er den private barnehagen igjen i hardt vêr.

Både 4. mars og 13. april i år fekk Bergen kommune klager frå føresette i barnehagen. I begge tilfella var årsaka låg bemanning.

Eit referat frå et FAU-møte i barnehagen i mars, viser at foreldra har vore misnøgde med mellom anna:

  • vedvarande få personar på jobb
  • ofte skal det berre ha vore ein tilsett på jobb då dei leverte ungar
  • at fleire foreldre har opplevd at barnet har blitt henta med same bleie som barnet blei levert i
  • oppfølging av dotreninga og manglande aktivisering
  • at barna mange dagar på rad ikkje får vera ute
  • at kaffi blir inntatt der det er barn. Ein forelder har klaga til kommunen og sendt bilete av kaffiflekkar på barnet sine klede.
  • at barnehagen ikkje er open når foreldre kjem for å levera

Barnehageeigar Renate Lundgren avviser at barn over lengre periodar har vore under tilsyn av berre éin vaksen. Sjå heile hennar tilsvar lengre ned i saka.

Cultiva barnehage

UTEOMRÅDE: Tilsynsmyndigheitene har sett fingeren på fleire punkt ved barnehagen sitt uteområde.

Foto: Stine Mari Velsvik / NRK

Vurderte å stenga barnehagen

19. mars dukka kommunen opp på umeldt tilsyn. Funna var så alvorleg at dei vurderte å stenga barnehagen på dagen.

Mellom anna fann dei manglar på leikeplassen som ikkje var retta opp frå tidlegare tilsyn, i september i fjor. Feilen var eit hol i eit leikekjøkken, og var definert som ein a-feil. Det betyr at feilen kan medføra fare for barnets liv.

– Det er svært alvorleg at barnehagen ikkje umiddelbart retta A-feil med dette leikeapparatet. Det er urovekkande at styrar hadde opplyst at det skulle rettast og så ikkje gjorde det, seier avdelingsleiar for miljøretta helsevern i Bergen kommune, Viviann Sandvik.

Vidare konkluderte kommunen med at tilsette hadde vore åleine på jobb, noko dei meiner utgjer ein tryggleiksrisiko.

«I enhver barnehage foreligger det risiko for akutt sykdom, akutt ulykke, trusselsituasjon, overgrep eller mistanke om overgrep», står det i vedtaket som inndrog helseverngodkjenninga.

Barnehagen fekk derfor pålegg om å dokumentera når barn og tilsette hadde vore til stades i barnehagen. I tillegg måtte barnehageeigaren laga ei risikovurdering av det å ha berre éin tilsett på jobb. Dessutan mangla det rutinar for å sikra tryggleik og beredskap.

Renate Lundgren Nysæther, eier Cultiva barnehage

AVVISER: Renate Lundgren, eigar i Cultiva barnehage, avviser at barn over lengre periodar har vore under tilsyn av berre éin vaksen.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Ny klage

5. april svarte barnehageeigar Renate Lundgren på vedtaket. Lundgren, som også har fungert som styrar og pedagogisk leiar, skreiv at det skulle vera minst to tilsette på jobb morgon og ettermiddag.

Men berre åtte dagar etter fekk kommunen inn ein ny klage på barnehagen. Ein far var bekymra for at det var få tilsette på jobb då han leverte barna.

Dermed reiste Etat for helsetenester på nytt tilsyn.

I barnehagen var to faste tilsette og ein vikar på jobb. Under tilsynet var det 15 barn i barnehagen. Fem av desse var under tre år.

Bemanningsnorma seier at det skal vera éin vaksen per tredje barn under tre år, og per sjette barn over tre år.

Same dag hadde tilsette vore åleine på jobb 105 minutt på morgonen og 15 minutt om ettermiddagen, ifølgje tilsynet.

«Vi anser at det over tid har vært for få ansatte i barnehagen», skriv kommunen i det siste tilsynet.

Avviser at tilsette har vore åleine med barn over lengre tid

Når NRK snakkar med barnehageeigaren tysdag skriv ho ferdig risikovurderingane kommunen har bedt henne forma ut.

Lundgren avviser at barn over lengre periodar har vore under tilsyn av berre éin vaksen.

– Me står i akkurat same situasjon som alle andre barnehagar i Noreg. Det er ikkje éin barnehage – som slit med sjukefråvær, korona eller ei – som ikkje slit med å få tak i vikarar, seier ho.

– Foreldre har opplevd å bli møtt av berre éin tilsett på jobb, og fleire skal ha opplevd at barnet har gått ein heil dag i barnehagen utan å ha fått ny bleie. Korleis forklarar du det?

– Det blir litt vanskeleg for meg å svara på. Då må eg gå inn i forhold som er underlagt teieplikt. Det eg kan seia er at personalet ikkje kjenner seg igjen i den versjonen. Enkeltføresette sine opplevingar av isolerte hendingar kan eg ikkje ta frå dei, lyder svaret frå Lundgren.

Renate Lundgren Nysæther, eier Cultiva barnehage

KJENNER SEG IKKJE IGJEN: Barnehageeigar Renate Lundgren seier at personalet ikkje kjenner seg igjen i skildringar frå fleire foreldre om at barn skal ha gått ein heil dag i barnehage med same bleie.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Har tilsett ny person

Ho legg seg flat med omsyn til A-feilen på leikekjøkkenet som ikkje var retta opp. Apparatet blei fjerna omgåande etter at det blei påpeikt i mars.

– Eg var sjukmeld i ein periode, og her har det skjedd ei misforståing. Det er på min konto at apparatet ikkje blei fjerna før.

NRK har snakka med FAU-leiaren i Cultiva barnehage. Ho vil ikkje kommentera saka.

– Eg opplever at me har ein god dialog med foreldra og tar tak i ting etter kvart som dei dukkar opp, seier Lundgren om samarbeidet med foreldra.

Lundgren opplyser at ho før påske tilsette ein ekstra person i fast stilling, slik at barnehagen skal vera mindre avhengig av vikarar.

– Det har vore enkeltdagar der folk har blitt sjuke og vikarbyråa har vore tomme for folk. Då har me samarbeidd med foreldre, og bede foreldre som me veit kan ha barna heime, om å samarbeida for at ting skal gå opp. Me har gjort det me kan for å skaffa folk, seier Lundgren til NRK.

Betalar framleis ned millionkrav

Barnehagen måtte betala tilbake 2 millionar kroner i offentleg tilskot til Bergen kommune. Kommunen meinte Lundgren hadde tatt ut for mykje i løn til seg sjølv, og spart pengar på ikkje å ha tilstrekkeleg bemanning i barnehagen.

Lundgren betalar framleis tilbake på pengane ho skuldar Bergen kommune.

Ho avviser at manglande investeringar og tidvis låg bemanning har samanheng med dårleg økonomi.

Barnehagen har budsjettert med investeringar på uteområdet i 2021.

– Det er ingen samanheng. Me skal gjera investeringar på uteområdet i sommar. Det har vore planen heile vegen, fordi det er mykje ein ikkje kan gjera om vinteren, som til dømes å legga fallmatter.

For at kommunen skal kunna stenga ein barnehage etter folkehelselova må det vera overhengande helsefare. Slik vurderer ikkje kommunen situasjonen i dag.

– Me har hatt fleire tilsyn i barnehagen i det siste og det er ikkje forhold som gir grunnlag for å stenga på dagen no, seier Viviann Sandvik, avdelingsleiar ved Miljøretta helsevern i Bergen kommune.

Lundgren er ikkje bekymra for eit sånt scenario. Ho meiner avvika som blei påpeikt var knytt til kortvarige situasjonar.

– Kommunen kan ikkje stenga ein barnehage basert på ein kortvaring periode mellom januar og mars, eller enkeltdagar der personar er akutt i karantene. Me har snudd kvar stein for å prøva å få folk på jobb.