Hopp til innhold

Barnehageeigar må betala tilbake to millionar kroner

Kommunen fann nye lovbrot i saka mot Cultiva barnehage AS i Bergen. Eigaren er heilt ueinig og kallar det heile «ei heksejakt».

Cultiva barnehage

MÅ BETALA: Eigaren og styraren av Cultiva Barnehage AS må betala tilbake over to millionar kroner til Bergen kommune.

Foto: Stine Mari Velsvik / NRK

I eit ferskt vedtak slår Bergen kommune fast at eigar, styrar og pedagog Renate Lundgren Nysæther i Cultiva barnehage AS må betala tilbake rett over to millionar kroner i offentlege tilskot.

Som NRK tidlegare har omtalt, har kommunen ført tilsyn med rekneskapane i den private barnehagen for perioden 2014 til 2016.

I denne perioden meiner kommunen at Nysæther har tatt ut for mykje løn til seg sjølv og spart pengar på å ikkje ha tilstrekkeleg bemanning i barnehagen i Mathopen i Bergen.

– Barnehagelova er der for at foreldrebetaling og offentlege tilskot skal komme barna til gode. Her meiner vi eigar har tatt ut goder til seg sjølv. Barnehagen har brote alle vilkåra i barnehagelovens paragraf 14a, seier kommunaldirektør Robert Rastad i Bergen kommune til NRK.

Over 1,4 millionar i løn

«I vurderingen har kommunen lagt vekt på at regelbruddene representerer en betydeleg økonomisk verdi, dvs. at et betydeleg beløp i offentlige tilskuddsmidler er brukt i strid med barnehagelovens krav», heiter det i vedtaket som Bergens Tidende melde om først.

Kommunen viser til at 40 til 50 prosent av barnehagens samla lønsutgifter i perioden 2014–2016 er løn til eigaren sjølv.

I snitt har Nysæther hatt ei årsløn på 1,4 millionar kroner dei siste åra.

Vidare meiner kommunen at Cultiva barnehage AS har lågare personalkostnadar enn tilsvarande kommunale barnehagar.

Slik meiner dei at barnehagen difor har spara pengar på å ikkje ha tilstrekkeleg bemanning.

Renate Lundgren Nysæther, eier Cultiva barnehage

– HEKSEJAKT: Eigar Renate Lundgren Nysæther bekreftar at ho kjem til å klage vedtaket inn til Fylkesmannen.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Fann nye lovbrot

Etter å ha varsla om barnehagen om mogleg tilbakebetaling i desember 2017, fekk kommunen tilsendt tilsvar og meir dokumentasjon.

Då oppdaga kommunen det dei meiner er fleire brot på barnehagelova.

– I utgangspunktet var dette eit tilsyn for å sjå på lønskostnader. Etter kvart utvida vi dette til å også sjå på ulovlege lån til eigar og dekning av privat bilbruk. Vi opplever at barnehagen også her har brukt offentlege tilskot og foreldrebetaling på ein ulovleg måte, seier Rastad.

«Heksejakt»

Cultiva Barnehage heitte tidlegare Mathopen Natur- og Friluftsbarnehage. Det går rundt 30 barn i barnehagen og har dei siste åra motteke rundt fire millionar kroner i kommunale tilskot.

NRK intervjua eigar Renate Lundgren Nysæther om saka i desember 2017.

Då sa ho at det var uaktuelt å betala tilbake det varsla millionkravet frå kommunen og at ho var villig til å ta saka så langt som ho måtte.

Ho held fast på dette i ein kommentar til NRK i dag. Vedtaket kan klagast til Fylkesmannen og Nysæther bekreftar at ho kjem til å gjera nettopp det.

– Denne saka er svært belastande for barnehagen. Vi opplever dette som ein heksejakt frå kommunen.

Ho meiner hennar innsats i etableringsfasen rettferdiggjorde ei høg løn i nokre år.

– Eg etablerte ein barnehage i ein periode der det var der prekær mangel på barnehageplassar og har fungert som styrar, pedagogleiar og vikar når assistentar er sjuke. Eg er slett ingen barnehageprofitør, slik eg oppfattar å bli framstilt.

Kommunaldirektør Robert Rastad avviser at kommunen driv med «heksejakt».

– Vi forstår at dette er belastande. Samstundes har Bergen kommune ei plikt til å gjere tilsyn og vi meiner det er gjort alvorlege brot i denne saken, avsluttar Rastad.