Hopp til innhold

Førde-spelarar lét frustrasjonen gå utover ballgutane

FØRDE (NRK): Då Førde tapte 1–3 mot Vardeneset var det andre ting enn sluttresultatet som fekk fokus etter kampen.

Utklipp frå Facebook

SJOKKERT: Mari Jonstad Baardsen er mor til ein av spelarane som var ballgut under laurdagens kamp. Ho er sjokkert over kva som skjedde.

Foto: Utklipp

I eit innlegg til Førde IL Fotball på Facebook skriv Mari Jonstad Baardsen at ho er mildt sagt skaka etter det som skjedde på Førde stadion laurdag ettermiddag.

Det som skulle vere ei artig oppleving for dei 12 år gamle ballgutane vart noko heilt anna. Medan førebileta ute på bana sleit med eigne prestasjonar lét dei frustrasjonen gå utover ballgutane med å skrike til dei.

– Hit med ballen, din jævla treging.

Førde-spelar

– Gi meg ballen, for faen.

Førde-spelar

Baardsen er mor til ein av ballgutane og reagerte på kva dei vaksne karane skreik til gutane som gjorde sitt beste for å levere ballar inn att på bana.

– Slik skal ikkje gutar som stiller på dugnad bli møtt, skriv ho i innlegget på Facebook.

I ein SMS til NRK skriv ho at ho står inne for det som står i Facebook-innlegget, men at ho ikkje vil kommentere saka ytterlegare sidan den er sendt vidare til handsaming i klubben.

Skal ikkje skje

Arild Sandvoll som er styreleiar i Førde IL Fotball vart sjokkert då han leste innlegget. Han var rask med å beklage det som hadde skjedd.

Leiar i Førde Fotball

SEIER UNNSKYLD: I same innlegg beklagar leiar i Førde Fotball det som skjedde under kampen. Han seier slik oppførsel ikkje er greitt, og at han vil ta det opp med A-laget som snart som rå.

Foto: Utklipp frå Facebook

– Dette skal ikkje skje, seier han til NRK.

Han har snakka med Mari Jonstad Baardsen og beklaga på vegner av klubben.

Sandvoll er tydeleg på at dette er ein kultur dei ikkje ønskjer i klubben. Han kjenner karane på A-laget som kjekke folk, og er difor skuffa over det som har skjedd.

– Det finst ikkje ei unnskyldning for dette, vi kan ikkje skulde på sportsleg motgang, seier han.

Han håpar dei kan samle spelarane på gutelaget og A-laget for å skvære opp.

Skal ordne opp

– Eg snakka med gutane etter kampen og forstod kva som hadde skjedd.

Det seier Torgeir Finjord som er lagleiar for gutane. Sjølv stod han i billettluka under kampen og fekk ikkje med seg sjølv. Etter kampen blei han fortalt kva ballgutane hadde opplevd.

– Eg har i dag snakka med styreleiar i klubben og har tru på at vi skal ordne opp mellom spelarane, seier Finjord.

– Eg blir trist

Ein som i dag beklagar er Førde-spelar og kaptein Ruben Holsæter. Han blei trist då han i går kveld leste innlegget på Facebook.

– Det er berre å beklage, det er ikkje greitt at slikt skjer, seier kapteinen.

Han vil ta dette opp med resten av spelargruppa og sørge for at dei gjer det godt igjen for rekruttane i Førdefotballen.

Det er nemnt at de kan snu rollene i ein kamp, at A-laget stiller som ballgutar for gutar 12-laget?

– Ja, kanskje det er det vi skal gjere. Vi skal i alle fall ordne opp, seier Holsæter.

Vegard Savland

BEKLAGAR: Slik beklagar Førde-spelar Vegard Savland oppførselen til medspelarane. Han oppfordrar til at dei snur rollene ved neste høve.

Foto: Utklipp frå Facebook
Laster innhold, vennligst vent..