Tidlegare har dei berre produsert literflasker. Dei nye flaskene er blanke og liknar meir på vanlege brusflasker enn dei forrige som var grøne og likna på alkohol, seier dagleg leiar Åge Eitungjerde.
Flasker for enkeltpersonar
Ei av årsakene til at dei vil starte med dette er at produktet skal kome tydelegare fram, ved å vise at det er eplemost og ikkje alkohol. Ei anna årsak er at enkeltpersonar kan kjøpe eplemost. Dei store flaskene meiner Eitungjerde berre vert brukte til spesielle anledningar.
Håpar på auka sal
Salet til Balholm Mosteri har gått jamt dei siste åra, no håpar han å kapre nye kundegrupper, selje meir.
Må tilsetje fleire
Åge Eitungjerde er den einaste som er heilårstilsett, men på grunn av det nye prosjketet må han tilsetje fem fleire under produksjonen i haust. Dei vil auke produksjonsmengda til neste år.
Åtte ulike typar
Dei første flaskene kjem i sal i november, og det vert åtte ulike typar, mellom anna eple, eple/bringebær, eple/pære, eple/solbær.