Balanserte fire personar på éin ATV

Sjekk kva politiet hadde å hengje fingrane i natt til søndag.

Politiet stoppa ved halv eitt-tida natt til søndag eit ATV-køyretøy (motorisert firehjuling) med fire personar på i sentrum av Sogndal.

Føraren var i slutten av tenåra, og er mistenkt for køyring i rusa tilstand.

Politiet tok blodprøve av vedkommande, og førarkortet vart kverrsett. Saka vert etterforska av politiet i Sogndal.

Her er eit utdrag frå resten av politiloggen ved Sogn og Fjordane politidistrikt:

Klokka 00.43

Politiet fekk melding om ein rusa som gjest som laga bråk på ein utestad i Førde. Mannen vart henta, men seinare lauslaten.

Klokka 00.58

Eit vindauge i Høyanger sentrum vart knust. Politiet følgjer opp saka over helga. Det er vitner til hendinga.

Politiet hadde trafikkontroll i Lærdal, Aurland og Årdal, der 27 bilførarar vart kontrollerte for rus og dokument. Alt OK.

Klokka 02.54

Politiet stoppa ein mann i 20-åra i promillekontroll i Førde sentrum. Han prøvde først å stikke av frå kontrollen utan å stoppe, men politipatruljen henta han inn igjen. Mannen vart framstilt for blodprøve, og saka blir vidare etterforska av politiet over helga.

Klokka 03.45

Politiet stoppa ein mann mistenkt for å ha køyrd bil i alkoholpåverka tilstand i Askvol sentrum. Han vart framstilt for blodprøve, og førarkortet vart kverrsett. Saka vert etterforska vidare av politiet.