Hopp til innhold

Bakke: – Fredrikstad er eit såra dyr

FREDRIKSTAD (NRK): Sogndaltrenar Eirik Bakke åtvarar dei som måtte tru at det blir ein enkel kamp mot nedrykkstrua Fredrikstad i kveld.

Eirik Bakke

TØFF BATALJE: Det blir topp mot botn når serieleiar Sogndal møter nedrykkstrua Fredrikstad i kveld. Likevel forventar trenar Eirik Bakke ein tøff batalje.

Foto: Steinar Lote / NRK

Sogndal har vunne tilbake noko av sjølvtilliten etter sigeren mot Bryne sist søndag. På motsett banehalvdel står eit lag som har slite med å sanke poeng i årets førstedivisjon. Fredrikstad ligg tredje sist på tabellen og har nitten poeng mindre enn Sogndal.

– Me veit at Fredrikstad er eit såra dyr. Dei treng poeng for å overleva. Me er budde på at det blir ein knalltøff kamp og slik blir det i kvar kamp framover, seier Bakke.

Vil tette att bakover

For takt med at hausten tettar seg til, trur han det vil bli stadig hardare å kjempe til seg poeng i divisjonen.

– Me kjem til å møta lag som kjempar om opprykk, playoff, eller for å halda seg. Det er mange som kjem til å ha kniven på strupen. Det er den som vil mest, orkar mest og vinn duellar, som vil gå sigrande ut. Det er det me må vera gode på, seier Bakke.

Oppskrifta mot Fredrikstad er å såre enkel og den same som gav flust med poeng i den rekordsterke starten på sesongen:

– Me må vera pottetette bakover. Det er det som har vore styrken vår, seier Bakke.

Fleire sentrale spelarar ute

Fleire sentrale spelarar, som Hannu Patronen, Petter Strand og Ulrik Flo, er uaktuelle til kampen i kveld.

Samstundes er Sogndal inne i ei tøff veke, med tre kampar på sju dagar. På måndag ventar erkerival Brann, til det som blir årets høgdepunkt på Fosshaugane.

Peter Aase debuterer for andre gong for Sogndal

KAN FÅ SJANSEN: Peter Aase (til høgre) er ein av fleire unge spelarar som kan få sjansen i eit tøft kampprogram.

Foto: Rune Fossum / NRK

Difor ser ikkje Bakke bort frå at det kan bli rokeringar på laget som slo Bryne, samstundes som han går langt i å love fleire av dei unge spelarane innhopp.

– Det kan fort bli nokre byte, for me har ein kamp på måndag òg. Men det viktigaste er å finna det laget som er det beste til å slå Fredrikstad, så får me ta Brann etter det, seier Bakke.

– Godt å bli pusta i nakken

Etter poengtapa før og etter ferien har fleire av konkurrentane rykka stadig nærmare. Sandnes Ulf er berre tre poeng bak, rett nok med ein kamp meir spelt. Det uroar ikkje Bakke.

– Kjem dei nærmare må me berre skjerpa oss enno meir. Det er alltid godt å ha nokon som pustar oss i nakken. Det er veldig enkelt i fotball: om du vinn eller tapar må du berre bli ferdig med kampen fortast mogleg og vere svolten på nye poeng, seier Bakke.

Dagane framover kan bli avgjerande for kampen om topplasseringane i divisjonen. Samstundes som Sogndal møter Brann på måndag, får Sandnes Ulf ein tøff bortekamp mot Kristiansund. Det gjer ein siger i dag enno viktigare.

– Det er ein kamp der me har sjansen til å stikka litt ifrå dei andre. Tre poeng heim til Sogndal i kveld, det hadde vore godt, seier Bakke.