Hopp til innhold

Bakke ut med skade igjen

Eirik Bakke måtte kaste inn handkledet før Lillestrøm-kampen var halvveges.

Eirik Bakke

SMELL: Eirik Bakke (liggande) fekk ein solid smell i ryggen, men skaden er truleg ikkje verre enn at han er klar til Rosenborg-kampen.

Foto: Oddleif Løset / NRK

I ein duell med Lillestrøm-keeper Stefan Logi Magnusson, fekk Sogndal-kapteinen kneet i ryggen.

Han vart liggande att på grasmatta med store smerter, og etterkvart bytta ut med Espen Olsen.

- Når du får ein slik smell i ryggen, så er det vondt. At han kjenner det i morgon tidleg når han våknar, det kan du vere trygg på, seier medisinsk koordinator Kim Are Jacobsen i Sogndal Fotball.

Klar for Lerkendal

Det er likevel lite truleg at Bakke blir lenge vekke som følgje av smellen han fekk i ryggen. Nyleg var kapteinen ute med ein skade i ankelen.

Mest truleg spelar Bakke oppgjeret mot Rosenborg på Lerkendal.

- Han fekk eit kne i ryggen, så han stivna heilt til slik at han ikkje klarte å halde fram. I morgon får han behandling, smertestillande og betennelsesdempande. Så satsar vi alt på at han er klar til kampen søndag, seier Jacobsen.

P.S. Utan kapteinen på bana vann Sogndal kampen 2-0 og klatra over nedrykksstreken.