Hopp til innhold

Bagasjekaos på Flesland: – Slit med å handtera dette på skikkeleg vis

Tilsette på flyplassen må koma på jobb klokka 4 for å få unna all bagasjen. Årsaka er flyplasskaos i Europa.

Skal du ut og reise, bør du merka kofferten ekstra godt.

Store flyplassar rundt om i Europa slit med bemanninga etter koronapandemien, som gjer at mange reisande ikkje får med seg bagasjen når dei er ute og reiser.

På Bergen lufthamn blir det godt lagt merke til.

Tysdags morgon var det rundt 500 koffertar som stod ved framkomsthallen på flyplassen i Bergen.

Flyentusiast Jan Aasebø har pakket kameraet i ryggsekken, og er på veg til England for å få med seg ei heil veke med flyshow. Han har følgt med på kaoset på flyplassane i Europa.

– Eg har merka kofferten ekstra godt, fortel han.

Lena Eide, som er på veg til Split i Kroatia, er meir bekymra.

– Eg har tatt med litt ekstra klede og bikini og sånt, tilfelle bagasjen blir litt forsinka, seier ho.

Jan Aasebø på Flesland 12.07.2022

Jan Aasebø har pakka det viktigaste i ryggsekken, nemleg kameraet.

Foto: Benjamin Dyrdal / NRK

Stort problem

– Det er eit mykje større problem enn det nokon gong har vore. Me slit med å handtera dette på skikkeleg vis, seier Robert Andersen.

Han er stasjonssjef i Aviator, og vassar i eit hav av koffertar, kolli, og alt anna det går an å senda med fly.

Lufthamndirektør på Flesland, Helge Eidsnes fortel at dei ikkje har ei løysing i sikte.

– Utifra det vi høyrer frå andre flyplassar i Europa så er nok dette et problem som kan vare ei stund, seier han.

Bagasjekaos Flesland

Det står mykje bagasje ved framkomsthallen. Litt vel mykje, vil nokon påstå.

Foto: Cato Heldal Kristensen / NRK

Forskyv arbeidstida

For å få bukt med all bagasjen har dei tilsette begynt grytidleg, for å kunne jobba i fred og ro før flya kjem.

– I dag begynner dei klokka 4, og det fyrste flyet kjem ikkje inn før klokka 8. Me har skyvd litt på arbeidstidene, seier Andersen.

– Kva er det som er problemet?

– Det er store flyplassar i Europa som er eit stort problem, fordi dei ikkje har fått folk tilbake i drift etter pandemien like fort som me har i Noreg.

Dette medfører at bagasjen ikkje alltid kjem med på same flyet som passasjeren. Det er ikkje ideelt, spesielt ikkje viss Bergen er mellomstasjonen, og flyet skal vidare.

Robert Andersen, Aviator

Robert Andersen i Aviator skuar utover bagasjehallen på Flesland.

Foto: Cato Heldal Kristensen / NRK

Det viktigaste redskapet til Andersen og dei tilsette på flyplassen, er taggnummeret. Skulle ein vera så uheldig at dette fell av kofferten, må dei gå etter eigne merkelappar på kofferten.

Siste utveg er å opna kofferten og bruka innhaldet for å identifisera passasjeren. Er ein lur så kan ein leggja ein lapp med namn, telefonnummer og adresse inni sjølve kofferten.

– Papirar, pass, pengar og til dømes medisinar bør du heilt klart ha i handbagasjen, seier Andersen.

Same vise andre stader i landet

Sidan problemet i all hovudsak omhandlar internasjonale flygingar, er problemet størst på dei to flyplassane i Noreg som tek i mot mest trafikk frå internasjonale lufthamner som har mest bagasje.

Det er likevel unntaket, då dei fleste kjem fram, ifølge Avinor.

Her utgjer bagasjen som må ettersendast i skrivande stund omtrent 2 prosent. Det er meir enn det pleier, men ein liten del av den samla mengda bagasje som er i omløp, seier Anna Langhammer, som er senior kommunikasjonsrådgjevar i Avinor.

Avinor bidreg med logistikk og lagringsplass for å ettersenda bagasje på flyplassane.