Hopp til innhold

Regjeringa opnar opp, men bonden fryktar det kjem for seint

Bærbonden i Nordfjord har liten tru på at det vil strøyme folk til Noreg for å hjelpe til med plukking, trass i at regjeringa no har opna opp for arbeidsinnvandring.

Jon Elling Vereide i jordbæråkeren på Sandane.

MYKJE BÆR: Jon Elling Vereide er ein av dei største bærprodusentane på Vestlandet. Han har lita tru på at det vil kome mange for å jobbe på markene.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Jon Elling Vereide ser utover jordbæråkeren. Her er bæra straks modne og normalt skulle han hatt austeuropearar i jobb.

– Eg er stygt redd for at det blir for seint, sjølv om dei opnar opp litt no, seier Vereide.

I eit normalår kjem det om lag 20.000 sesongarbeidarar for å jobbe i landbruket i Noreg. No er det nesten ingen.

I dag kunne statsminister Erna Solberg fortelje at regjeringa vil sleppe inn folk til landet for å jobbe i landbruket. Særleg gjeld dette Romania og Polen, som blir grøne i løpet av neste veke.

– Då kjem dei faktisk inn utan karantene og utan å søke. Så no handlar det litt om å snu seg rundt for å sjå etter arbeidskraft i desse landa, sa statsministeren tidlegare i dag.

Prøver å få tak i arbeidarar

Men fullt så enkelt er det ikkje, meiner bærbonden Vereide.

– Vi er i gang med å ta kontakt med å ta kontakt med plukkarar. Men mantraet i år har jo vore at det blir vanskeleg å kome til Noreg. Då finn dei på andre ting å gjere.

Han og mange andre bønder tok regjeringa si oppmoding om å finne norske plukkarar på alvor i vår.

– Så den første delen av jordbæravlinga skal gå greitt. Så får vi sjå kor standhaftige dei er utover. Eg vil tru at ein del kjem til å gje seg, så vi må nok ha mannskapsskifte ein eller to gonger i løpet av sommaren, seier Vereide.

Regjeringens pressekonferanse om gjenåpningen av Norge

OPNAR MEIR OPP: Statsminister Erna Solberg på pressekonferansen fredag.

Foto: Fredrik Hagen / NTB

– Heilt på grensa

Kari Sigrun Lysne er leiar for grøntnæringa i Vestland Bondelag. Ho meiner letta frå regjeringa er veldig positiv.

Men ho er også uroa for at det alt kan vere for seint. Ho vel likevel å vere optimist på vegner av næringa.

– Men vi er heilt på grensa. Om ikkje denne letta hadde kome no, så hadde vi hatt eit seriøst problem. At det kom i dag gjer at vi kan berge sesongen, seier Lysne.

Regjeringa innfører no ei rekke endringar i innreisereglane. Blant anna ei sterk avgrensing i bruken av karantenehotell:

  • Alt frå laurdag 19. juni klokka 12 vil det bli slik at reisande frå EØS og Schengen slepp karantenehotell.
  • Føresetnaden er at ein kjem frå eit land med færre enn 500 smitta per 100.000 dei siste to vekene.

Treng folk utover sommaren

Kor mange som no vil kome for å jobbe i Noreg er heilt uvisst. Men justisminister Monica Mæland trur det blir mange.

– Det kjem to store letter som vi ikkje kjenner omfanget av. Det eine er at mange land blir grøne, då kan alle reise. Det andre er vaksinerte frå heile EØS, som gjer at dei med koronasertifikat kan reise, seier Mæland til Dagens Næringsliv.

På markene i Gloppen er jordbærsesongen i gang. Norske plukkarar gjer førebels jobben for Jon Elling Vereide, men snart skal bringebæra haustast.

– Det er full bløming i ein del jordbæråkrar enda og det vil overlappe med bringebær. Vi treng mykje folk når vi kjem ut siste halvdelen av juli alle fall, slår bærbonden fast.