Hopp til innhold

Mann skuldig i å ha utnytta bærplukkarar

Mannen som var tiltalt for å ha utnytta over 40 bærplukkarar i Sogn, er dømd til fengsel i 60 dagar på vilkår. Han må også betale ei bot på 40.000 kr og ei inndraging på 850.000 kr. Denne summen kan nyttast til erstatningskrava frå 44 arbeidarar som har kome med krav. Bergens Tidende omtalte dommen først.

Det var sommaren 2019 at mannen henta inn utanlandske arbeidarar som han leigde ut til bærbønder i Sogn. Men arbeidarane fekk ikkje tariff- løn eller overtids løn, og dei jobba mykje meir enn dei skulle. Dei budde også kummerleg.

Mannen blei etterkvart pågripen av politiet.

Politiadvokat Sigurd Granli seier til NRK at han er nøgd med dommen.

– Vi er tilfredse med at tingretten følgde vårt syn i saka om at dette var alvorlege straffbare handlingars, seier Granli. Fengselsstraffa blei på vilkår fordi saka blei liggande så lenge. – Det er beklageleg, seier Granli.

Forsvarar Anette Vangsnes Askevold meiner dommen er uriktig på to punkt. Askevold meiner mannen ikkje skulle vore dømt for dårleg innkvartering. Ho meiner det også er uriktig at punktet om underbetaling blir rekna som grovt.

Forsvaren meiner også at fengselsstraffa på vilkår er for streng. Askevold seier ein eventuell anke vil bli vurdert når dommen er forkynt for mannen.