Badenymfene i Florø har drive med heilårsbading sidan mai 2011.
– Vi er ein kvikk og litt sprø gjeng som får energikick av å bade i det kalde vatnet. Vi kastar oss i vatnet og tek nokre symjetak før vi varmar oss på land, har Wenche Gulestø Hermansen tidlegare sagt til NRK.
- LES OGSÅ: Avsluttar året med eit skikkeleg kick
- LES OGSÅ: Utfordra 17. mai-komiteen til å hoppe på fjorden
Måtte sjølv kaste seg på Facebook-trenden
Då badefarsotta gjekk over landet for eit par veker sidan, var badenymfene skuffa over å ikkje verte utfordra. Men dei tok like greitt saka i eigne hender, og utfordra etterpå 17. mai-komiteen til å bade.
Leiar i komiteen, Roald Leivestad, tok utfordringa. I ei litt uvanleg vending, utfordra han badenymfene til å stille i toget som gjekk klokka 07.00 i Florø.
Det gjorde dei, men tok altså ein pause halvvegs, for å bade ved Horne Brygge.
(Artikkelen held fram under videoen)
Her badar nymfene som ein del av Facebook-hysteriet. Foto/redigering: Truls Kleiven
Sundagar og andre raude dagar
Badenymfene held på med heilårsbading også fordi dei vil gjere noko kjekt i lag.
– Eg trur vi får god helse av å isbade. Vi held oss friske. Eg har drive med isbading i mange år og hugsar ikkje sist eg var sjuk, sa Hermansen til NRK.
Vanlegvis badar dei kvar søndag, men namnet på vekedagen betyr lite når dagen er raud.
Dei har tidlegare uttalt at dei likar godt å bade både nyttårsaftan, pinse, julaftan og andre spesielle dagar. Og no var det altså 17. mai som stod for tur.
Badenymfene badar førre nyttårsaftan. Foto/redigering: Truls Kleiven
ANNLEIS: Badenymfene var ikkje vanskelege å få auge på i morgontoget i Florø.
Foto: Truls Kleiven / NRK