Hopp til innhold

Både buss og bybane skal bli dyrare

Fylkeskommunen seier nei til same takst på alle kollektivreiser i Hordaland. Men dyrare blir det likevel.

Bybanen i Bergen - minutt for minutt

BLIR DYRARE: No blir prisen på å ta buss og bybane i Bergen fire kroner dyrare.

Foto: Rune Jenssen / NRK

Fylkesutvalet i Hordaland har nettopp bestemt ikkje å innføre lik busspris i heile fylket. Såkalla «enhetstakst» for heile fylket vart utsett då det vart politisk handsama i dag.

Fylkesrådmann Rune Haugsdal meiner at det er for tidleg å innføre same takst overalt.

– Tidspunktet for å innføre dette er for tidleg. Me foreslår i staden ei gradvis innføring av ny takst. Vi skal rydde opp i sonar og prisar i fylket, men dette går for raskt nett no, seier Haugsdal til NRK.

Skulle koste 38 kroner

Éin bussbillett, og éin billettpris, uansett kor langt du reiser i Hordaland, var visjonen til Høgre, Venstre og Frps fylkespolitikarar. Men den visjonen må førebels vente.

Ein felles sone for heile fylket ville betydd at buss og bybane-billetten ville blitt mykje dyrare på korte strekningar, medan den vert billegare over lange distanser.

Billettprisen ville gått opp frå 31 til 38 kroner. Det store prishoppet har fått mange til å revurdere forslaget. Mellom anna uttalte fylkesordføraren sist veke til NRK at så dyr bussbillett er heilt uaktuelt.

Vert 35 kroner likevel

Men sjølv om forslaget vart utsett vert prisen på buss i Hordaland likevel dyrare. Fylkesutvalet vedtek i dag at kollektivbilletten må opp til 35 kroner. Endringa vil gjelde frå 2015.

– Vi må auke prisen, sjølv utan soneomlegging, seier fylkesordførar Tom-Christer Nilsen til BA.no.

Årsaka er at fylkeskommunen har store økonomiske utfordringar på kollektivfelt. Ironisk nok er det at fleire kjøper periodekort som gjør at fylket tener mindre på kvar kollektivreisande.

Høyr kva folk i Bergen meiner om den komande takstauken:

Fylkeskommunen må ta inn 100 millionar kroner – og løyser det altså med ein prisauke på ti prosent.

Dermed vert prisen på ein enkeltbillett 35 kroner, medan månadskort vil kosta 760 kroner.

Henning Warloe, byråd for byutvikling, klima og miljø i Bergen, var møtt opp på fylkesutvalet for å åtvare mot innføringa av ein kollektivsone i Hordaland:

Laster Twitter-innhold