Hopp til innhold

Bad Statoil forbetre vedlikehaldet ni månadar før gasslekkasjen

Petroleumstilsynet åtvara om lekkasjefaren om ikkje Statoil skjerpa vedlikehaldet. Selskapet innrømmer at dei kunne gjort meir etter å ha fått påpeika manglane.

Mongstad

GASSLEKKASJE: Slik såg det ut ved oljeraffineriet Mongstad 29. oktober i fjor.

Foto: Bergen Foto og Media

Det var på ettermiddagen 25. oktober i fjor at evakueringsalarmen gjekk på Statoil sitt oljeraffineri på Mongstad utanfor Bergen.

Ved bensinanlegget oppstod det ein hydrogenlekkasje som i verste fall kunne ført til tap av menneskeliv. Årsaka var rust (utvendig korrosjon) i ein røyrstuss.

I si eiga gransking av nesten-ulukka tok Statoil sjølvkritikk for manglande vedlikehald på Mongstad.

Gjennomførte tilsyn på Mongstad

Men varsellampene hadde allereie blinka i lang tid.

Ni månadar før gasslekkasjen gjennomførte Petroleumstilsynet eit tilsyn på Mongstad. Hensikta med tilsynet var å undersøke korleis bedrifta planlagde vedlikehald av overflater på oljeraffineriet.

– Me merka oss at her var det ting som kunne og burde forbetrast, seier pressekontakt Eileen Brundtland i Petroleumstilsynet.

Lekkasje Mongstad

LEKKASJE: Det var i denne ventilen at hydrogenlekkasjen oppstod. Driftsoperatøren på Mongstad oppdaga at ventilen stod open, og forsøkte å stenge den. Då losna delar av ventilen.

Foto: Statoil

Bad Statoil skjerpe vedlikehaldet

I tilsynsrapporten frå 9. februar 2016 skriv Petroleumstilsynet at «mangelfullt overflatevedlikehold og KUI (korrosjon under isolasjon, journ. anm.)» kan være en alvorlig og delvis skjult risiko for hydrokarbonlekkasjer».

Brundtland seier dei ikkje fann avvik hjå Statoil, men at dei bad Statoil forbetre seg på to punkt.

– Det eine var ein markant auke i talet på lekkasjar på anlegget, utan at årsakene til dette var kjent. Det andre var at det totale behovet for overflatevedlikehald ikkje var vurdert i konkrete planar eller budsjett, forklarer Brundtland.

Eileen Brundtland

BAD OM FORBETRING: Eileen Brundtland i Petroleumstilsynet seier dei merka seg ting som burde forbetrast på Mongstad allereie ni månader før gasslekkasjen.

Foto: Petroleumstilsynet

Ni månadar etter at Statoil har fått tilsynsrapporten, oppstår altså den dramatiske gasslekkasjen som evakuerer 600 tilsette på Mongstad.

Innrømmer feilprioritering

Pressetalsperson i Statoil, Elin Isaksen, seier dei forbetra vedlikehaldsarbeidet etter å ha fått tilsynsrapporten frå Petroleumstilsynet, men at det ikkje var godt nok.

– Vi intensiverte arbeidet og betra systematikken for å få eit meir effektivt overflatevedlikehald. Dessverre skjedde lekkasjen medan vi gjennomgjekk ein grundig inspeksjon og rehabilitering av anlegget i det området. Vi erkjenner at dette arbeidet burde ha blitt gjort med større intensitet tidlegare, seier Isaksen.

Statoil innrømmer at dei feilprioriterte og ikkje forstod risikoen godt nok. Isaksen seier arbeidet med overflatevedlikehald no har topp prioritet.

– Tilsette i Statoil skal føle seg trygge på arbeid. No intensiverer vi arbeidet ytterlegare. Vi erkjenner at det er større utfordringar med korrosjon enn det vi tidlegare har trudd og tek konsekvensane av det.

Granskar lekkasjen

Mongstad-lekkasjen er ein av mange hendingar på Statoil sine anlegg som er under gransking hjå Petroleumstilsynet. Pressekontakt Eileen Brundtland vil ikkje kommentera kva tilsynsrapporten frå februar 2016 vil ha å seia for den endelege konklusjonen.

– Rapporten har inngått i granskingsarbeidet, men eventuelle samanhengar må vi komme tilbake til når vi er ferdige med granskinga, avsluttar ho.