Hopp til innhold

Babel Fish tilbake der det slutta

Babel Fish avslutta den aktive karriera i Florø. Laurdag kveld kjempar dei plass i den norske MGP-finalen - i Florø.

Babel Fish

BABEL FISH: Konserten i Florø for vel åtte år sidan sette punktum for Babel Fish. No kan same by markere starten på noko nytt...

Foto: Birger Meland / NRK

Kvartetten gav i 2002 sitt førebels siste album, «Coming Up For Air». Det skulle vise seg å bli noko av det siste Noreg høyrde frå dei på mange, mange år.

Turneslutten i Florø, vart også punktum for Babel Fish.

- Det var tilfeldig, men samstundes morosamt at det var det siste vi gjorde. Vel åtte år seinare, så er det vi første vi gjer att, fortel vokalist Terje Van Ravens.

MGP Florø

SCENA KLAR: Alt er klart for laurdagens delfinale i Florø.

Foto: Birger Meland / NRK

- Kan bli meir

Eller skal ein kanskje kalle det eit komma. For laurdag står Van Ravens, Halvor Holter, Odd Jensen og Simon Malm på nytt på scena i Florø. Bandet som kanskje er mest kjende for låta «Mania» og «Out of the Blue», spelar som band nummer to i delfinalen i Melodi Grand Prix. Låta heiter «Depend on Me».

- Det kan tenkast å vere starten på nye Babel Fish. Blir det tilstrekkeleg bra respons, så kan det bli meir, seier Jensen.

Kjenner seg trygge

Lydsjekken og speleprøva fredag føremiddag gjekk bra.

- Det kjennest fint no. Prøvene har gått fint og vi kjenner oss trygge på at det blir bra. Det kjennest ut som at låta sit. Men nervane og det at det er direktesending kan spele oss eit puss, legg Van Ravens til.

Unge stjerner først

Rekordmange følgde den første delfinalen frå Ørlandet i Melodi Grand Prix. Det er venta kring 3 000 personar i idrettshallen i Florø når kystbyen står som arrangør.

Arrangementet har vore utseld, men til stor glede for fortvila publikumarar har arrangørane klart å frigjere 50 ekstra billettar som no er lagt ut for sal.

I kveld er det dei yngste MGP-stjernene sin store dag. MGP lokal ser du direkte her.