Hopp til innhold

BA: Mann pågripen for vald mot si eiga mor

Politiet i Bergen arresterte ein mann i 50-åra i morgontimane i dag etter å ha motteke ei melding om vald i nære relasjonar. Det skriv BA. Ei fornærma kvinne i 80-åra blei avhøyrt på staden og er sendt på sjukehus for å avdekke helsesituasjonen. Ho skal vere synleg utsett for vald, men ikkje hardt skadd. Kvinna er mora til den arresterte mannen, opplyser politiadvokat Kristina Munkejord til avisa. Mannen blei tatt med inn i arresten i Bergen sentrum, og vil etter planen bli avhøyrd i løpet av dagen.