Hopp til innhold

Toppsatsinga i Øygarden er over

Toppfotballprosjektet i Øygarden er over. Klubben som spelte i 1. divisjon fotball så seint som i 2020 melder oppbod.

Assistenttrener Tommy Knarvik

TRENAR: Tommy Knarvik vart henta inn som trenar i 2. divisjonsklubben Øygarden FK.

Foto: Nest-Sotra IL

Det melder Bergensavisen som siterer sikre kjelder i 2. divisjonsklubben.

Spelarane vart etter det NRK kjenner til orienterte i eit møte fredag.

– Det vart heilt stille. Det kom som eit sjokk. Vi var sikre på at det kom positive nyhende, så får du servert det verst tenkelege scenario, seier midtbanespelar Andreas Fantoft.

Håpa på løysing

Klubben har ei gjeld på 5,8 millionar kroner, og søkte i førre veke kommunen om eit rentefritt lån som tilsvara inntil halvparten av gjelda.

Lokalpolitikarane meinte søknaden mangla drifts- og økonomiplan for korleis pengane skal nyttast, og plan for nedbetaling av lånet. Dei vende tommelen ned.

Dermed lir toppfotballsatsinga same skjebne som Fotballklubben Lyn i 2010.

Øygarden manglar klubben 3 millionar på å greie seg ut sesongen.

Heller ikkje sponsorane til klubben har gått inn med meir midlar, ifølge Bergens Tidende.

– Onsdag fekk vi høyre at det skulle vere møte med næringslivet, og vi hadde håp om at det skulle ordne seg. Vi trudde ikkje på konkurs, seier Fantoft.

Kampen mot Ørn-Horten går som planlagt

NRK har ikkje lykkast å få kontakt med styreleiar Marianne Bjorøy.

Kampen mot Ørn-Horten på laurdag, går som planlagt, trass i konkursen, skriv klubben på Facebook.

Verken laurdagens dommar eller sportsleg leiar Atle Hovde i Ørn-Horten hadde i 19-tida fredag høyrt noko frå klubb eller forbund.

Alle blir løyste frå kontrakten

Han er ein av 18 spelarar som håpar i det lengste at drøftingar med store aktørar i lokalt næringsliv skulle berge klubben. No blir alle tilsette løyste frå kontraktane med klubben.

– Vi veit ikkje kva som skjer. Vi står utan kontrakt, men veit ikkje kva regelverket seier om nye klubbar, eller om vi må følgje overgangsvindauget, seier han.

Øygarden FK tok over 1. divisjonslisensen og toppseriesatsinga til Idrettslaget Nest-Sotra etter 2019-sesongen. Sistnemnde har halde fram som eigen breiddeklubb og har lag i både barne- og ungdomsklassa.

– Vi tykkjer utruleg synd i trenarane Tommy og Kjetil Knarvik som har lagt ned ein fantastisk innsats for Øygarden FK. Dei fortente ikkje dette, legg Fantoft til.

Må følgje overgangsvindauge

Krinsleiar Tore-Christian Gjelsvik tykkjer nyhenda frå Ågotnes er lei å få ved inngangen til helga.

– Sjølv om klubben er ny, så er det ein tradisjonell klubb som har vore med i mange år og som har spelt i øvre del av norsk toppfotball. Det er utruleg synd, seier han.

– Vi misser ikkje berre kanskje den fjerde beste klubben i Hordaland, men eit heilt miljø og arena som er viktig for rekrutteringa oppover i systemet, legg han til.

Dei fleste som spelar i 2. divisjon har proffkontraktar, og må følgje overgangsvindauget som først opnar att 1. august. Går dei over på amatørkontrakt er karantenetida derimot ein månad.

– Eg trur sjansane er store for spelarane å finne seg nye klubbar. Det er nok verre for trenarane, legg Gjelsvik til.