Hopp til innhold

Ba jente (14) urinere på badet

Mann i 20-åra dømd til fengsel i 120 dagar for seksuelle overgrep mot tenåringsjente på Internett.

Fjordane Tingrett

Mannen erkjende straffskuld allereie i første avhøyr, men vart dømd til 120 dagar fengsel i Fjordane tingrett.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Mannen bad over ein periode jenta frå bergensområdet, om å posere naken, vise kjønnsorgang og å utføre seksuelle handlingar framfor webkamera medan dei chatta på MSN Messanger. Jenta var 14 år då overgrepa fann stad.

Sende nakenbilete

Dei to vart kjende på eit nettsamfunn i byrjinga av 2008, og kontakten både utvikla seg og held fram over telefon og internett. Begge vart tidleg klar over kvarandre sin alder.

I tillegg til å utføre seksuelle handlingar, villeia mannen henne også til å sende nakenbilete av seg sjølv. På maskina hans fann politiet 25 pornografiske bilete av jenta.

- Kynisk overgrep

Fjordane tingrett meinte overgrepa skjedde "under særskilt skjerpande omstende". Mannen ba mellom anna jenta om å urinere på baderomsgolvet, og å utføre seksuelle handlingar med ei veninne. Overgrepa stogga då mor til jenta fekk tilgong til loggen og melde forholdet til politiet i mars. Retten skildra overgrepa som kyniske.

- (...) fordi han som del av villeiinga nytta seg av at jenta såg på han som sin kjærast, skriv tingrettsdommar Ole Kristen Øverberg.

- Det er ekkelt, men da beviser du at du elsker meg kjempemye og da kan vi vere sammen lenge, skreiv mannen då han fekk jenta til å urinere på baderomsgolvet.

Må betale erstatning

Retten sa seg samd i at fem månadar fengsel på vilkår var eit godt utganspunkt for straff i saka, men landa etter ei totalvurdering på fengsel i 120 dagar. Mannen slepp å sone 75 dagar dersom han ikkje gjer seg skuldig i nye lovbrot dei neste to åra. Det var formildande at mannen erkjende overgrepet allereie i første avhøyr.

I tillegg må mannen betale 25 000 kroner i erstatning til jenta, samt sjå Staten ta hand om datamaskina hans.

- Svært kritikkverdig

Tingrettsdommar Øverberg retta også kritikk mot politiet sitt arbeid. Politiet fekk utskrift av loggen allereie i mars 2008, men gjennomførde ikkje avhøyr før i juli året etter. Retten meinte saka burde vore avgjort hausten 2008.

- Den lange skakshandsamingstida framstår som svært kritikkverdig i lys av sakas karakter, samt alderen til tiltalte og fornærma, og må gje eit merkbart utslag, skriv tingrettsdommar Ole Kristen Øverberg.