Sintef-forskar Atle Harby meiner både Noreg og Europa kan tene på å bygge ut kraftkabelnettverket betydeleg.
Teknisk Ukeblad/NTB skriv at Sintef-forskarar har rekna på konsekvensen av å installere nye kablar med kapasitet på 12,6 GW mellom Noreg og fleire europeiske land, samt doble kapasiteten til Sverige.
Det svarar til ni nye utanlandskablar.
Forskarane i prosjektet HydroConnect har då lagt inn meir effekt i norske kraftverk.
Dei meiner alle kjem til å tene på eit betre kabelnettverk. Prisane i Noreg kjem framleis til å vere lågare enn i Europa trass kabelutbygging, meiner Harby.
Atle Harby er seniorforskar ved Sintef.
Foto: Arnstein StaverløkkMen forslaget møter kraftig motbør blant fleire av energipolitikarane på Stortinget, som NRK har snakka med.
Energipolitisk talsperson i Raudt, Sofie Marhaug, kallar forslaget «fullstendig feilslått»
– Harby har eit veldig teoretisk forhold til norsk kraftpolitikk. Han tek rett og slett ikkje omsyn til rekningsbunkane til folk, konkurranseevna til næringslivet eller miljøkonsekvensane av dette luftige og dårlege forslaget. Og han tek heller ikkje omsyn til politiske høve. Det er fullstendig urealistisk å få fleirtal for å bygge ut ni nye utanlandskablar.
Energipolitisk talsperson i Raudt, Sofie Marhaug, meiner forslaget er «fullstendig feilslått».
Foto: SIMON S. BRANDSETH / NRKEin del av valkampen
I sluttfasen av valkampen kom det fram at det var nesten 50 gongar høgre kraftpris i sør enn i resten av landet.
Frp sa rett ut at dei hadde gjort feil i kraftpolitikken og at det var gale å seie ja til EU sin tredje energimarknadspakke, som førte til at private selskap kunne bygge ut fleire utanlandskablar.
Fraksjonsleiar Terje Halleland (Frp) trur knapt det han les frå forskaren.
– Du skal vere rimeleg avkobla i den politiske debatten om ein meiner fleire utanlandskablar er løysing på utfordringar i kraftmarknaden.
Fraksjonsleiar Terje Halleland i energikomiteen (Frp) kallar forslaget avkobla.
Foto: Håkon MannsåkerHan poengterer at det er mykje som kan løysast med utbygging av nytt kraftnett og ny kraftproduksjon, men at det ligg langt fram i tid å få på plass.
– No har vi store prisforskjellar internt i Noreg, noko som skuldast utanlandskablane. Då er ikkje løysinga å bygge fleire utanlandskablar.
Senterpartiet gir også uttrykk for stor skepsis til forslaget og skriv at partiet har «ingen ambisjonar om at Noreg skal vere Europas batteri».
– Senterpartiet har vore tydeleg på at vi vil ha meir kontroll over kraftressursane våre og min første tanke er at vår vasskraft er unik og at den først og fremst bør bidra til rimelege prisar for norsk industri og næringsliv. Det er der verdiane blir skapte, ikkje ved krafteksport, seier medlem i energi- og miljøkomiteen, Gro-Anita Mykjåland.
Gro-Anita Mykjåland i Senterpartiet er skeptisk til forslaget om å bygge ut fleire kablar.
Foto: Svein Sundsdal / NRKSjølv MDG meiner forslaget om ni kablar er «voldsomt» og «ikkje realistisk å få til med det første».
– Politisk er det vanskeleg å sjå for seg at vi skal bygge ni kablar framover på kort sikt, seier energipolitisk talsperson Einar Wilhelmsen,
Partiet er positiv til fleire kablar, men meiner det er avgjerande at forbrukarane blir betre verna enn i dag.
– Når vi skal gå vidare å bygge fleire kablar må vi ha betre mekanismar for å verne forbrukarane. Det kan ikkje vere slik at straumprisen varierer med nesten ei krone frå ein dag til ein annan.
Einar Wilhelmsen er energipolitisk talsperson i MDG.
Foto: Olav Juven– Stor og uutnytta ressurs
Harby meiner rein norsk kraft dekker behov i Europa, medan norske magasin kan bidra til lagring av overskotskraft når det er mykje vind og sol i Europa.
Han seier forskarane har lagt inn i sine anslag at norsk kraftproduksjon blir bygd ut i tråd med planar og mål.
– Noko som gir ein overskotssituasjon, det er vi som har straum, og det er vi som har magasina, seier Harby til Tekniske Ukeblad.
Øyvind Stakkeland, strategisk rådgjevar for konsernutvikling i Å Energi, leiar styringsgruppa i Hydro Connect. Han viser til at Noreg har ein stor og uutnytta ressurs i havvind, men at det er behov for infrastruktur for å transportere krafta og utveksle kraft mellom regionar.
– Eg håper norske politikarar etter kvart vil sjå at eit framtidig utsleppsfritt europeisk kraftsystem med eit nordsjønett, med mange nye kablar, også er i Noregs interesse, seier Stakkeland.
Sintef-forskarar meiner prisane i Noreg framleis kjem til å vere lågare enn i resten av Europa trass kabelutbygging.
Foto: Stian Lysberg Solum / Stian Lysberg Solum