Båtturen frå Bergen til Nordeide 28. mars vart ei påkjenning for Ester Karlsen frå Lånefjorden. Karlsen er van med å reise med ekspressbåten til og frå Bergen. I 50 år har ho teke denne turen, men aldri før har ho opplevd å vera redd.
Overfylt
Passasjerane strøymde til ekspressbåtkaien i Bergen, og Karlsen fekk beskjed om at ho og mannen måtte byte båt to gonger for å komme seg heim. Det godtok ho, men tilhøva ombord sjokkerte.
– Det var overfylte båtar, folk måtte sitte på bord og benker. Og bagasjen var stappa heilt oppunder taket og stengde for redningsvestane. Så det ville bli vanskeleg å få på dei dersom det vart ein naudsituasjon, fortel Karlsen.
Ho understrekar at det ikkje er mannskapet ho kritiserer, men dei som let båtane gå overfylte frå kai.
FSF avviser
Administrerande direktør Stig Kristoffersen i Fylkesbaataavviser at passasjertalet var ulovleg høgt. Det var 98 passasjerar ombord frå Solleibotn til Rysjedalsvika på den aktuelle turen, noko som er lov. Men Kristoffersen seier at der var veldig mykje bagasje på turen.