Hopp til innhold

Bussjåfør vart dømd etter dødsulukka – fekk anken avvist av lagmannsretten

Ein samrøystes lagmannsrett har avvist anken etter dødsulukka ved Fardal i Sogn. Årsak: den dømde bussjåføren sende ikkje rette dokument innan ankefristen. – Vi kjem til å anke avgjerda, seier forsvarar Geir J. Kruge til NRK.no.

To bussar frontkolliderte ved Fardal i Sogn

FATAL ULUKKE: Ein norsk rutebuss og ein svensk turbuss kolliderte ved Fardal i Sogndal 12. august i fjor. Ei kvinne i kvar av bussane omkom.

Foto: Christian Blom / NRK

Den svenske bussjåføren nekta straffskuld, men vart i Sogn tingrett dømd til fengsel i fem månader etter møteulukka mellom to bussar i fjor. Ei norsk og ei utanlandsk kvinne omkom.

Mannen anka dommen, men Gulating lagmannsrett meiner dei ikkje hadde fått dokumenta dei skulle ha då ankefristen gjekk ut 1. juli.

– Vi jobbar med å anke rettsavgjerda, seier forsvarar Geir J. Kruge i ein knapp kommentar til NRK.no.

To veker ankefrist

Forsvarar Geir Kruge

FORSVARAR: Geir J. Kruge er forsvarar for den svenske bussjåføren.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Kruge er for tida på ferie og ynskjer ikkje å kommentere saka utover at han reknar det som truleg at anken blir teken inn for Høgsterett.

Men enn så lenge står blir dommen frå Sogn tingrett ståande. Retten meinte føraren av den svenske bussen kom for langt over midten av den smale vegbana og såleis var skuld i frontkollisjonen med ein møtande lokal rutebuss.

Ei kvinne i kvar av bussane omkom, og mannen fekk to veker ankefrist etter at dommen for aktlaust bildrap vart forkynt 16. juni.

Anka for seint

1. juli tok imot Sogn tingrett eit udatert støtteskriv der det kjem fram at dommen i sin heilskap blir anka. Ei veke etter vart forsvaret gjort merksame på at domfelte ikkje hadde sendt den originale ankeerklæringa.

Ifølgje rettsavgjerda frå Gulating lagmannsrett vart ei skanna ankeerklæring sendt som epost. Dette hadde vore gyldig dersom originalen vart sendt omgåande.

– Dette har ikkje skjedd til trass for at domfelte ved sin forsvarar er gjort merksam på mangelen, og anken skal difor avvisast som for seint framsett, skriv lagmannsretten.

Brukte lova feil

NRK.no kjenner til at forsvaret meiner at lagmannsretten har tolka og brukt straffeprosesslova feil i avvisinga. Advokatane meiner også at det er feil sakshandsaming sidan dei ikkje fekk uttale seg om manglane før rettsavgjerda fall.

Odd Harald Hovde og Erik Slotterøy

ADVOKAT: Odd Harald Hovde (t.v.) representerte dei pårørande til den norske kvinna som omkom. Advokat Erik Slotterøy representerte dei utanlandske skadde og etterlatne.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Advokat Odd Harald Hovde representerer familien til den norske kvinna som omkom. Med tanke på korleis domstolane praktiserer ankefristane, er ikkje Hovde overraska over at saka vart avvist.

– No kan det framleis dukke opp nye opplysningar, men med bakgrunn i dei opplysningar som ligg føre, så er dei pårørande rimeleg optimistiske og letta over å kunne sleppe ei ny runde i rettssystemet, seier Hovde.

Håpar å unngå ny sak

Forsvaret har to veker på å anke lagmannsretten sin kjenning inn for Høgsterett.

– Det verste scenarioet frå dei pårørande si side, er at Høgsterett opphevar rettsavgjerda frå lagmannsretten og vi får ei heilt ny rettsrunde. Håpet deira er å få leggje dette bak seg og få byrje å sørgje i fred, seier Hovde.