Hopp til innhold

Avviklar dei lokale reglane i Bergen: – Trenden er no snudd

Byrådet i Bergen har valt å avskaffa dei lokale koronatiltaka. Frå måndag av skal i staden dei nasjonale retningslinjene gjelda.

Roger Valhammer

HEVAR TILTAKA: For fyrste gong på fleire veker, er det ikkje lenger lokale koronatiltak i Bergen, kunne byrådsleiar Roger Valhammer annonsera fredag.

Foto: Marit Hommedal / NTB

Heilt sidan byrjinga av november har det i Bergen vore lokale koronatiltak. Byen var då ein av stadane i landet med mest smitte. Rekorden var 13. november. Då var det 125 nye smitta i byen.

No har derimot smitten roa seg i vestlandshovudstaden. Fredag kunne byrådsleiar Roger Valhammer (Ap) melda om fem nye smitta i byen. Torsdag var talet åtte.

At den lokale forskrifta avviklast, tyder mellom anna at det blir lov å:

  • trena saman med andre att, og driva med breiddeidrett
  • driva med amatørkultur, slik som kor og korps
  • skjenka alkohol til klokka 00.00, i staden for 22.30
  • ta taxi utan munnbind, så lenge ein har ein meter avstand
  • ta kollektiv transport utan munnbind dersom ein kan halda ein meter avstand
  • vera på innandørs, offentleg stad utan munnbind, dersom ein kan halda ein meters avstand
  • vera 200 personar på offentlege, innandørs arrangement om alle har fastmonterte seter

– Når Bergen har eit lågare smittetrykk og god kapasitet på testing, så er den faglege vurderinga at det ikkje er grunn til å ha strengare reglar enn de nasjonale, seier helsebyråd Beate Husa (KrF).

Nye testfasilitetar i Bergen korona på festplassen

MANGE TESTAR SEG: 1815 personar testa seg i Bergen 17. desember. Det er 772 fleire enn førre torsdag. Fem av testane var positive. Her frå teststasjonen på Festplassen.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Har nådd viktig delmål

Medisinsk fagsjef i Bergen, meiner byen har nådd eit viktig delmål i pandemihandteringa.

– Frå ein særs alarmerande smitteauke for nokre veker sidan, så er trenden no snudd. Me har fått moderate smittetal, seier medisinsk fagsjef Trond Egil Hansen.

Dei strengaste tiltaka var i november. For to veker sidan byrja oppmjukinga av reglane i Bergen. Då vart det mellom anna lov å samla ti personar i private samkomer att.

Pandemien ikkje over

Hansen åtvarar om at pandemien ikkje er over.

– Stigninga kan bli stor og krevjande, men me er heldige, kan den vera moderat. Det heng saman med etterlevinga av dei generelle smittevernreglane.

Spesielt er Hansen uroa for for korsong. Det har tidlegare synt seg at mange har blitt smitta under synging med andre.

Også Valhammer fryktar at smittetala vil auka etter jula.

– Me risikerer importsmitte gjennom julefeiringa. Men akkurat no er det ikkje grunn til å ha strengare reglar enn dei nasjonale, seier byrådsleiaren.