Hopp til innhold

Avsluttar leiteaksjonen nordvest for Stad

Hovedredningssentralen (HRS) avsluttar no leiteaksjon som vart sett i verk etter at det i natt vart observert naudrakettar nordvest av Stad i Selje.

Bilete frå søkeområdet
Foto: Halfdan Grieg

Mannskap har søkt gjennom eit nær 4 000 kvadratkilometer stor område. To redningsskøyter, fly og helikopter har delteke i leiting.

– Det er ikkje funne spor etter nokon som har vore i havsnaud, så klokka 16 avslutta vi leiting, men ber likevel alle fartøy som går langs kysten om å gå innom det aktuelle i området, seier Bjørn Jarle Åmlid ved Hovudredningssentralen på Sola (HRS).

Såg naudrakettar

Det var frakteskipet «Wilson Grimsby» som like før klokka 04 gjorde observasjonen på veg sørover langs kysten. Båten melde frå om observasjonen og gjekk rett mot området rakettane var observert.

Leiteaksjon utanfor Stad

NORDVEST: Søket går føre seg mellom 30 og 40 nautiske mil nordvest for Stad.

Foto: Skjermdump / marinetraffic.com

Observasjonane utløyste ein større leiteaksjon som pågjekk i 12 timar før Hovudredningssentralen avslutta leitinga utan resultat sundag ettermiddag

Leitemannskap har søkt over nær 4 000 kvadratkilometer etter at det natt til søndag vart observert fleire naudrakettar nordvest for Stad.

Kan vere misbruk

Hovudredningssentralen på Sola meiner det no at meir og meir tyder på at det kan vere misbruka av naudrakettar.

– Eg tykkjer det er svært alvorleg. Dette har ført til at vi har sett i gang eit stor søksapparat, det byr at dersom andre hadde kome i naud, verkeleg naud ein anna stad så kunne det hende at vi ikkje hadde ressursar til å hjelpe dei tidsnok.

Kva konsekvensar kan det få for dei som har skote opp rakettane?

– Dersom dei blir tatt, og ein klarer å prove at det er dei som har skote opp rakettane så kan resultere i bøter.