Hopp til innhold

Avsluttar båtsøk i Jondal

Søket etter ein sakna båt i Årviksneset i Jondal vart avslutta ved 22- tida laurdag. Ifylgje Hovudredningssentralen tviler dei på at nokon båt har gått ned.

I alt 4 båtar, eitt helikopter og brannvesenet sine redningsdykkarar deltok i søket då det kom ei melding om at ein båt hadde gått ned med ein person ombord.

Meldinga somp kom inn til politiet var frå ein som observerte frå land.

– Me finn ingenting, og er heller ikkje overbevist om at noko båt har gått ned. Det kan ha vore ein feil observasjon, seier Nils-Ole Sunde ved Hovudredningssentralen til NRK.

Politiet fekk meldinga like etter klokka 20 laurdag kveld.

– Det lokale politiet skal kun gjera eit siste søk langs land, så avsluttar vi.

Blant dei som søkte var ei ferge med 39 passasjerar ombord.

– Alle stod og holdt utkikk. Fergekapteinen roser dei for at dei var så aktive, seier Sunde til NRK.

Ifylgje Hovudredningssentralen er det ikkje aktuelt å gjenoppta søket viss det ikke kjem nye opplysningar i saka.