Hopp til innhold

Entreprenøren låste sprengstoff inne med teip – bransjen slår sjølv alarm

FREKHAUG (NRK): Eitt år med stikkprøver avslørte feil på 7 av 10 lager for sprengstoff. No tryglar folk i bransjen om at dei blir kontrollert meir.

Ulovlig lagring av sprengstoff

ALVORLEG: Under tilsynsaksjonen fant ekspertane mellom anna sprengstoff lagra i ein konteinar i fjøra og bak eit gjerde sikra med svart teip.

Foto: Skjermdump / DBS

I 2015 reiste to bergsprengarar på kryss og tvers i Noreg på jakt etter sprengstofflager. Dei to var hyra inn på oppdrag for Direktoratet for samfunnsikkerhet og beredskap (DSB).

Oppsummeringa var nedslåande.

I forkant hadde 3000 innehavarar av sprengingssertifikat blitt spurt om dei lagra sprengstoff etter forskriftene.

93 prosent svara direktoratet at dei gjorde nettopp det.

Men på kontrollrunden fann inspektørane alvorlege avvik på 70 prosent av byggjeplassane.

– For lite ute i bransjen

Fire år seinare har direktoratet berre totalt stått bak 199 besøk med tilsyn i bransjen. Nesten halvparten av desse skjedde i 2015.

– Det er altfor dårleg. Me meiner DSB er for lite ute i bransjen, seier Frode Andersen, spesialrådgivar i Maskinentreprenørenes Forbund (MEF).

– Det er ikkje mjølk og brød me driv med. Det er dynamitt og tennarar, ting som kan vera farlege om dei kjem i feil hender, seier dagleg leiar Øystein Hope i entreprenørfirmaet Magne Hope AS.

Sprengingsleder Frode Gaulen og daglig leder Øystein Hope i Magne Hope AS.

60 KILO: Sprengingsleiar Frode Gaulen gjer klar ei salve i ei grøft på Frekhaug i Meland. – Her går med cirka eitt kilo per kubikk, altså drygt 60 kilo sprengstoff, seier Gaulen. Dagleg leiar og styreleiar Øystein Hope inspiserer.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Drive i 40 år – aldri hatt tilsyn

Dagleg går det av rundt 400 salvar med sprengstoff på norske anleggsområde. Det svarar til i underkant av 150.000 ladningar med sprengstoff i løpet av eit år.

I sine snart 40 år i bransjen har ikkje Hope i entreprenørfirmaet i Nordhordland hatt besøk av tilsynsmakta som kontrollerer eksplosivområdet.

– Det er for lite tilsyn i bransjen vår. Då er det lett for dei useriøse aktørane å ta snarvegar, meiner Hope.

På eit anleggsområde på Frekhaug i Meland kommune sprenger firmaet hans ut dei siste grøftene i det som skal bli eit større byggefelt.

Sprengstoffet blir frakta frå lageret i bilar som må godkjennast kvart år.

– Bransjen har gode reglar som viser tydeleg korleis me skal opptre. Men viss ingen sjekkar det, kan du la vera å køyra innom lageret med dynamitt eller droppa å oppdatera alarmsystema på lageret, seier Hope.

Eksplosivforskrifta er skjerpa inn fleire gongar dei siste åra, seinast i 2017. Sjølv om denne bransjen har strenge regelverk å forholda seg til, fører styresmaktene i liten grad tilsyn med om forskriftene blir følgde, meiner entreprenøren.

– Då kan det kan sjølvsagt vera freistande for enkelte å ta snarvegar.

Sprengingsleder Frode Gaulen i entreprenørfirmaet Magne Hope AS

UTVIKLING: – Ta vare på sprengstoff har me alltid gjort, men tryggleiken har blitt meir skjerpa dei siste 10–15 åra, seier sprengingsleiar Frode Gaulen som har 28 års fartstid i entreprenørfirmaet Magne Hope AS.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

– Rart å måtta masa om tilsyn

Etter aksjonen i 2015 blei to anleggsarbeid stansa og eitt forhold meldt til politiet. Fleire ulovlege og potensielt farlege lagerbygg blei tømde for sprengstoff på dagen, etter det som i alt talde 96 tilsyn på under eit år.

Tennarar og sprengstoff blei lagra side om side, sprengstofflager var sikra med teip, og mange av lagera var aldri registrerte eller godkjende.

– Det er dyrt å følgja regelverket til punkt og prikke. Ei verksemd som ikkje gjer det, vil kunne gi kunden ein heilt annan pris enn ein aktør som følgjer regelverket, seier Frode Andersen i MEF.

Han har fagansvar for sprenging i forbundet si kompetanseavdeling. Deira bekymring er at manglande oversikt med bransjen opnar for at useriøse aktørar droppar dyre tryggingstiltak, og dermed konkurrerer med naboar på betre pris.

– Me ønskjer ikkje at bransjen skal konkurrera på tryggleik. Då er det litt rart at me må masa om tilsyn i vår eigen bransje, seier spesialrådgjevaren i MEF.

Tennere og dynamitt sammen på bilen - såkalt samlast på bil som frakter sprengstoff

SAMLAST: Tennarar og dynamitt blir frakta på lasteplanet av pickup som ikkje er merka for transport av dynamitt.

Foto: Skjermdump / Direktoratet for beredskap og samfunnssikkerhet

Mykje å spara på å ta snarvegar

Det var bergsprengarane Morgan Kvilten og Dan Ole Stensvik som på vegner av DSB gjennomførte tilsynsaksjonen i 2015.

Stensvik, som i dag jobbar i ei større entreprenørbedrift, blei overraska over at det ikkje vart fleire tilsyn etter runden dei var på.

– Dei sette pris på at me førte tilsyn og gav råd. Mange av dei me møtte hadde også irritert seg i årevis over skytebasar som konkurrerte om dei same kundane, men som mangla lager eller sparte inn pengar ved hjelp av andre snarvegar.

Utgifter til godkjende lager med gjerde, overvakingssystem og bilar som skal frakta sprengstoff, blir fort høge for ei mellomstor bedrift.

– At dei som tek snarvegar, kan spara mellom 100.000-150.000 kroner i året, trur eg ikkje er ei overdriving, seier Stensvik.

Øystein Hope i Nordhordland er òg styreleiar for MEF si regionavdeling i Nord-Rogaland og Hordaland. Dei siste åra kjenner han berre til tre tilsyn på eksplosivområdet blant hans mange hundre medlemmer på Vestlandet.

– Tre tilsyn i min region dei siste fem åra er altfor sjeldan.

Ulovlig lagring av tennere, sprengstoff og søppel

BRANNFARE: Her var tennarar, sprengstoff og diverse bos samla i same konteinar.

Foto: Skjermdump / DSB

Manglar pengar til fleire aksjonar

Dåverande justisminister Anders Anundsen (Frp) var ikkje imponert over funna i rapporten frå 2015. Han understreka overfor direktoratet i 2016 at det var viktig å følgja opp med ein ny tilsynsaksjon i løpet av to-tre år.

Det har ikkje direktoratet hatt pengar til.

– DSB har dessverre ikkje hatt ressursar til å gjennomføra ein liknande aksjon, seier seksjonssjef Gry Haugsnes i DSB.

Gry Haugsnes

SEKSJONSSJEF: Gry Haugsnes er seksjonssjef for kjemikalietryggleik i DSB.

Foto: DSB

Haugsnes viser til at direktoratet har eit breitt ansvarsområde, og at det ikkje er funne rom i budsjettet for å prioritera ein slik aksjon igjen.

– Det er ein føresetnad for tryggleiken at alle aktørane som lovleg har tilgang på eksplosiv følger regelverket. Det må me ha tillit til. Me kan aldri gi noko raudt, gult eller grønt lys, utan at me er ute hjå alle. Det er umogleg å ha som ambisjon.

Nektar innsyn

NRK har bede direktoratet om å opplysa kor mange tonn eksplosiv som blei omsett i 2018. Den oversikta har ikkje DSB.

Dei oppgir at det i dag er fleire tusen personar som har bergsprengarsertifikat. Men DSB nektar å gå ut med eksakt kor mange dei er.

DSB meiner at det kan vera ei samanstilling av informasjon som, avhengig av detaljane, kan vera unntatt offentlegheita.

Frode Andersen i Maskinentreprenørenes Forbund (MEF).

KRITISK: Spesialrådgjevar Frode Andersen i Maskinentreprenørenes Forbund (MEF).

Foto: Maskinentreprenørenes Forbund

– I Noreg er det mange sprengingsarbeid som blir utført av mindre aktørar på mindre prosjekt. Bekymringa kjem av at direktoratet berre har kapasitet til å føra tilsyn med dei største aktørane. Det er mange små bedrifter som er flinke, men me meiner DSB bør kunna gjennomføra eit betre tilsyn enn det dei gjer i dag, seier Andersen i bransjeforbundet.

Haugsnes poengterer at tilsyn berre er eit verkemiddel og ingen garanti for at forskriftene blir følgde.

NRK har stilt fleire spørsmål til sikkerheitsminister Ingvil Smines Tybring-Gjedde (Frp) om prioriteringane i direktoratet, utan å få svar. Kommunikasjonsavdelinga i Justisdepartementet viser vidare til DSB.