Av:
Kristina Brekke /
Eli Bjelland
Sunnhordland Kraftlag søkte om dispensasjon frå vernereglane for å setja opp ei ny kraftlinje over Mosneselva i Etne.
Nasjonal verneverdi
Kraftlinja vil ikkje berre kryssa Folgefonna Nasjonalpark, men også Mosnesvassdraget, som er varig verna mot kraftutbygging.
Fylkesmannen grunngjev avslaget med at verneinteressene i området er av nasjonal verdi.