Avlyser NM dersom det ikkje let seg gjennomføre i Bergen

Nye koronatiltak kan setje ein stoppar for NM i friidrett i Bergen. Men Norges Friidrettsforbund er klare i talen – det blir meisterskap i Bergen eller ingenting.

Jakob og Filip Ingebrigtsen

USIKKERT: Jakob Ingebrigtsen er ein av dei 460 påmelde til NM i Bergen neste helg.

Foto: Trond Reidar Teigen

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

Neste helg skal det etter planen vere noregsmeisterskap i friidrett på Fana stadion i Bergen.

Men etter at Bergen kommune innførte strenge koronatiltak tysdag har det vore usikkert om NM i friidrett får gå av stabelen 18.–20. september som planlagt.

Avgjerda som skulle kome torsdag blir er no utsett til måndag.

Idrettslaga Fana, Gneist og Bjarg er arrangørar for årets NM. Torsdag har dei vore i møte med Norges Friidrettsforbund.

– Å hindre og førebygge smittespreiing er viktigare for oss enn arrangementa våre, seier Ketil Tømmernes som er president i forbundet.

Fanamilen 2015

FANA STADION: Fana IL er to av tre idrettslag som er klare til å ta imot idrettsutøvarane neste helg.

Foto: Fanamilen

Ventar nær 500 personar

Eitt av tiltaka frå kommunen tysdag var at offentlege arrangement maks kan samle 50 personar. Frå før var talet 200, og det er dette arrangørane har planlagt for.

Ifølgje arrangørane sine heimesider er 477 utøvarar venta til Bergen, blant desse 17 parautøvarar.

Sidan tysdag har arrangørane vore i tett dialog med kommunen. Torsdag kom byrådsleiar Roger Valhammer (Ap) med ny informasjon.

– Utandørsarrangement kan ha 200 publikummarar, slik den nasjonale forskrifta seier. Det er langt mindre fare for smittespreiing utandørs, så det vil opne handlingsrommet for nokre aktørar, sa Valhammer på pressekonferansen.

Ingen plan B

Ei avgjerd skulle bli fatta torsdag, men no er det klart at arrangørane møter styret i Norges Friidrettsforbund måndag. Det stadfestar Tømmernes.

– Har de ei avgjerd klar på måndag?

– Det vil situasjonen då avgjere. No har lokale og sentrale helsemyndigheiter gitt grønt lys og arrangørane har gjort ein fantastisk jobb med å etablere gode rutinar og system for smittevern. Men vi er i ein pandemi, og vi må bruke den tida det tek for å ta gode avgjerder, seier han.

– Med 42 nysmitta i Bergen, kvifor ikkje berre sei at det ikkje blir NM i Bergen?

– Det er ei avgjerd vi må ta på måndag når vi har endå meir oversikt over situasjonen.

– Har dykk ein plan B?

– For oss er det Bergen neste helg som er planen. Blir det ikkje i Bergen neste helg avlyser vi NM, slår han fast.

Status Norge

Sist oppdatert: 27.09.2020
775
Siste uke
19
Innlagt
270
Døde