Hopp til innhold

Avlyser hinderløp på grunn av uver

Hinderløpet Trolljeger junior på Fløyen i Bergen i dag er avlyst på grunn av vêret. Eit tilsvarande løp for vaksne blei gjennomført i går, men junior-løpet for dei mellom 7–15 år er avlyst. Arrangørane meiner risikoen i dag er for stor.