Hopp til innhold

Avlinga øydelagt av snøfall: – Rekordår for dårleg plommeproduksjon

Har du planar om å sette tennene i ei saftig plomme? Eit overraskande snøfall gjer at norske plommer blir ei sjeldan frukt i år.

Ensom plomme i Hardanger

EINSAM PLOMME: Det er langt mellom plommene i år.

Foto: Tale Hauso / NRK

I fjor var plommetrea fulle. I år er det langt mellom frukta.

– Plommeavlinga er redusert med 80 prosent, seier styreleiar ved Innvik Fruktlager, Steinar Dvergsdal.

I den vesle bygda Innvik i Stryn er det planta tusenvis med plommetre dei siste åra, men bøttene vert langt frå fulle av plommer i sommar. Også i Hardanger er det ein dårleg plommesesong i år.

– Enorm reduksjon

I ti år har Leif Øie jobba som fruktlagerinspektør. Han har aldri opplevd ein så dårleg sesong som i år.

– Det er ein enorm reduksjon samanlikna med fjoråret, seier Øie i Grøntprodusentenes Samarbeidsråd.

På landsbasis var 1900 tonn plommer innom pakkeria i fjor. I år er talet mellom 600 og 700 tonn.

– Dei første plommene kjem ut i butikkane no eller neste veke, så den første veka i september er det nok over, seier Øie.

Det gjer at nordmenn bør vere om seg, skal dei ha norske plommer på fruktfatet i år, meiner Øie.

Plommer

KALD VÅR: Ein varm april var startskotet på bløminga. Ein snørik mai sette ein stoppar for pollineringa.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Snø i mai

Etter ein varm og solfylt april, tok vêret ein salto i mai. Fint vårvêr blei avløyst av snø og kuldegrader.

– Bløminga slo heilt feil ut med ein kald mai, seier styreleiar ved Innvik Fruktlager, Steinar Dvergsdal.

For Innvik Fruktlager er det færre plommer å sortere og selje vidare denne sesongen, etter ein rekordsesong i fjor.

Tunnelar kan vere redninga

– Dette er eit rekordår for dårleg plommeproduksjon, seier Stein Harald Hjeltnes, dagleg leiar for Njøs frukt- og bærsenter i Leikanger i Sogn.

Han seier plommeproduksjonen er meir utsett av vêret enn andre frukt- og bærsortar. Og det verkar å vere lite å gjere med det.

Stein Harald Hjeltnes, dagleg leiar Njøs frukt og bærsenter

LITE Å FÅ GJORT: Stein Harald Hjeltnes i Njøs Frukt- og bærsenter seier det er lite dei kan gjere for å hindra dårlege plommeår.

Foto: Njøs frukt og bærsenter

Nokre bønder testar ut å plante plommer i tunnel. Då må ein må blant anna ha varmeanlegg i tunnelane og dekke over trea ved bløming.

– Det vert forferdeleg dyrt. Dette dårlege året er eit unnatakstilfelle, så å investere i dette vil ikkje vere forsvarleg, seier Hjeltnes.

Fruktbransjen svingar mykje frå år til år. Og til neste års produksjon har Hjeltnes ein gladmelding.

– Etter eit år med lite plommer, blir det alltid mykje blomstring. Så neste år kan det hende vi får ein overflod av plommer.