Ein mann er mistenkt for å stå bak brannen 22. oktober, han er i tillegg sikta for å stå bak to andre brannar, ein i juni og ein 17. oktober.
- BAKGRUNN:
Brannen 22. oktober blei raskt sløkt av dei som eig fjøsen, og verken personar eller dyr blei skadde i brannen. Familien som bur på garden observerte ein mann på området, og politiet arresterte mannen dagen etter brannen. Han er fengsla i fire veker med brev- og besøksforbod.
– Har gått frå dør til dør
Etterforskingsleiar Per Helge Sekse seier politiet har hatt ei brei etterforsking i saka og at dei har hatt ei rundspørjing i heile bygda, der det bur kring 40 personar.
– Me har gått frå dør til dør og snakka med folk som kan ha tips i saka. Det har vore mange inne til avhøyr, både personar som bur i nærleiken og personar som står nært den sikta, seier etterforskingsleiaren.
No ventar politiet på analysane frå materiale som er sendt inn for teknisk undersøking, utan at politiet kan gå nærare inn på kva type undersøkingar det er snakk om.
– Me har ein del oppgåver igjen i saka. No ventar me svar frå den tekniske undersøkinga, i tillegg driv me framleis å avhøyrer folk, seier Sekse.
Politiet har fått inn fleire tips, utan at det har ført til noko gjennombrot i saka.
Nektar skuld
Mannen som er mistenkt nektar straffeskuld og seier han ikkje har noko med dei tre brannane å gjere.
- LES OGSÅ:
Han blir sitjande i varetekt til 20. november. Om politiet vil be om forlenga varekt er førebels uvisst.