Avgjer skipstunnel i 2011

Bygginga av Stad skipstunnel blir avgjort i Stortinget neste år.

Ordførar i Vanylven, Jan Helgøy, seier til Fjordenes Tidende at dei fekk løftet av fiskeriministeren under eit møte i Oslo førre veke.

Kvalitetssikringa av prosjektet pågår framleis og vil vere klart i år.

- I 2011 vil ein få det endelege svaret på om tunnelen vert noko av, var det klare løftet frå regjeringa.