Hopp til innhold

Avfallet endeleg fjerna

To år etter ulukka er det helsefarlege avfallet i Sløvåg fjerna.

Video nsps_upload_2009_8_12_18_31_21_2132.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Dagleg leiar Håkon Ivarson er letta over at dei fekk skipa ut avfallet søndag.

To lange år

- Det er veldig viktig for oss. Vi ønskjer å avslutte Vest- tank kapittelet så fort som mogleg, seier Ivarson.

Ryddinga i Sløvåg er i gong

Ryddearbeidet etter ulukka er endeleg ferdig.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

To år og tre månader er gått sidan to tankar med svovelhaldig avfall gjekk i lufta ved Vest Tank sitt anlegg i Sløvåg i Gulen.

Dette var starten på eit mareritt for innbyggarane i lokalsamfunnet.
For avfallet har fått skulda for å gje fleire hundre innbyggjarar til dels alvorlege helseplager. Dei nye eigarane av anlegget, Alexela Sløvåg, hadde frist til sjuande august med å bli kvitt avfallet.

- No var vi heldige og fekk transportert siste rest av avfallet ut på søndag. Noko av dette var olje som vert levert i Danmark som vi faktisk får betalt for, forklarar han.

Stinka

Folkemøte i Sløvåg

Folk i området fekk alvorlege helseplager etter at dte small på Vest-tankanlegget. Her er fleire samla på folkemøte.

Foto: Steinar Lote / NRK

Avfallet etter eksplosjonen låg lenge oppe i dagen og skapte ein uuthaldeleg stank i nærmiljøet.

Fleire hundre personar rapporterte om alvorlege helseplager og lokalsamfunnet kjente seg åleine mot omverda.

SFT har fleire gonger kravd at avfallet vert fjerna. Men dei nye eigarane Alexela Sløvåg har brote frist etter frist. No klarte endeleg selskapet i å få fjerna avfallet.

Vil starte på ny

- For vår del, området og kommunen sin del har skaden allereie skjedd. Dette har skada omdøme vårt, seier nabo Gjermund Halsvik.

Prøver fra tankene i Gulen

Det er teke fleire prøver av tankane.

Foto: Kjersti Knudssøn / NRK

Alexela Sløvåg håpar no på å få nytt driftsløyve av miljøstyresmaktene, dette vil bli avgjort i haust.

Då kan det på nytt bli aktivitet ved tankanlegget i Gulen.

Men skandalen kring Vest Tank har framleis ettervirkningar i lokalsamfunnet. Halsvik seier at alt i denne saka har teke for lang tid.

- Det er klart det. Det er trass alt to år sidan, så det seier seg vel sjølv at det har teke for lang tid, seier Halsvik.

Eksplosjon i Sløvåg

Slik såg det ut for over to år sidan då det eksploderte i Gulen.

Foto: Svein Arild Vatsø