29. april 2016 styrta eit Super Puma-helikopter ved Turøy i Øygarden kommune, på veg frå Gullfaks B-plattforma i Nordsjøen til Bergen lufthavn.
13 menneske omkom i ulukka. Ein av dei var mannen til Anny Britt Telle.
– Det blir veldig fint med eit minnesmerke, seier ho til NRK.
Mannen Lyder Martin jobba for Aker Solutions, og tilbake stod også tre barn og fire barnebarn. For både ho og familien betyr det noko å få eit minnesmerke å besøke på Turøy, seier Anny Britt Telle.
– Det er veldig viktig for oss. Slik at vi kan reise ut der og sjå. Vera der. Og det blir laga veldig fint til.
Markering ved ulukkesstaden
Det var éi kvinne og tolv menn blant dei som mista livet i ulukka. Alle har fått namna sine på steinen som blei løfta på plass på ei eit utsiktspunkt på Turøy før helga.
Med utsyn til ulukkesstaden, men i ly for andre slik at pårørande kan få minnast i ferd.
MINNAST: Anny Britt Telle mista mannen i Turøy-ulukka. Bildet blei tatt då saka blei lagt bort av statsadvokaten.
Foto: Mats Arnesen / NRKMåndag klokka 15, på treårsdagen for ulukka, blei minnesmerket formelt avduka. Ordføraren i Øygarden kommune, Børge Haugetun, seier det var rett tidspunkt å få eit minnesmerke på staden.
– Før hadde kanskje vore for tidleg, men vi ynskja å få det på plass til treårsdagen for ulukka.
Minnesmerket er laga av granittstein frå Øygarden av kunstnar Arne Mæland, og er forma i tråd med naturen rundt. Både pårørande og andre var i dag samla då steinen blei avduka.
– Tanken var at vi ville ha ei enkel, men verdig markering, seier ordførar Haugetun.
VIL HEIDRA DEI OMKOMNE: Øygarden-ordførar Børge Haugetun held tale under avdukinga av minnesmerket. – Vi håper det vil bli ein stad der både pårørande og lokalbefolkninga kan minnast ulukka og heidra dei som omkom, seier Haugetun.
Foto: Simon S. Brandseth / NRKLa vekk saka
Helikopteret med dei 13 om bord styrta på ein holme ved Turøy då rotoren losna. Den var framleis i lufta då helikopteret trefte bakken.
Statens havarikommisjon konkluderte seinare med at eit utmattingsbrot var årsaka til ulukka.
Rapporten retta sterk kritikk mot både det europeiske flytryggleiksbyrådet (EASA) og Airbus. Men i oktober i fjor la statsadvokaten bort saka fordi det ikkje var bevis for at det hadde skjedd noko straffbart.
STYRTA: Helikoptervraket blir løfta opp av sjøen utanfor holmen der det styrta.
Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK– Viktig for heile landet
Turøy-ulukka var den verste helikopterstyrten i Noreg på 40 år. Ordførar Haugetun meiner minnesmerket difor er viktig for heile landet.
– Langs kysten kjenner dei fleste nokon som jobbar i oljenæringa, og dei som bur her ser helikoptera fly til og frå Nordsjøen.
Dei tre kommunane Øygarden, Sund og Fjell har saman med Equinor sørga for at minnesmerket kom på plass.
– Vi håper det vil bli ein stad der både pårørande og lokalbefolkninga kan minnast ulukka og heidra dei som omkom, seier Haugetun.
- Les også:
KUNSTVERK: Minnesmerket har plakettar med namna til alle dei omkomne.
Foto: Simon S. Brandseth / NRK