Hopp til innhold

Avdød i fritidsbåt var kvinne i 30-åra

Det var ei ung kvinne som vart funnen død i ein fritidsbåd i Bergen søndag morgon, melder BA.

– Det er ei kvinne i 30-åra som blei funnen død. Hennar pårørande er varsla, seier politiadvokat Eli Valheim til avisa.

Politiet blei varsla klokka 06:40 søndag morgon.

– Politiet har per no ingen mistanke om at det har skjedd noko straffbart. Politiet vil gjere undersøkingar og avdøde vil bli obdusert, opplyser Morten Rebnord, operasjonsleiar i Vest politidistrikt.

Politiet har vore på staden og kriminalteknikarar har gjort undersøkingar i båten. Det er ikkje mistanke om at det har skjedd noko straffbart.

marineholmen 2
Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal / NRK