Hopp til innhold

Meiner berg av hurtigtestar er sløsing: – Falsk tryggleik som kan auka smittespreiing

Staten skal bruka milliardar på å kjøpa hurtigtestar til norske kommunar. – Bortkasta pengar, meiner laboratoriesjefen på Haukeland universitetssjukehus. – Gammal og sjølvmotseiande kritikk, svarar Helsedirektoratet.

Hurtigtester på det sentrale lageret som Helse Sør-Øst har ansvaret for å drive.

STORE MENGDER: Her er store mengder hurtigtestar klare for bruk i norske kommunar. Helsedirektoratet har varsla at hurtigtestar skal brukast meir framover.

Foto: Helse Sør-Øst

Bergen kommune er ein av kommunane i Noreg som no skal få store mengder sjølvtestar. Og slik VG melde fredag jobbar Helsedirektoratet med ei ordning som gjer at dagens PCR-testing på teststasjonane langt på veg kan verta erstatta med meir hurtigtesting.

Fleire kommunar, som Oslo, har i eit brev til Helsedirektoratet åtvara om at det kommunale testsystemet er på veg i kneståande.

Kallar det sløseri og falsk tryggheit

Difor er fleire hurtigtestar kjærkome for mange kommunar, og i 2022 er det lagt opp til å bruka 4 milliardar på ein rammeavtale for innkjøp av hurtigtestar.

– Satsinga er sløseri, meiner laboratoriesjefen ved Haukeland universitetssjukehus Elling Ulvestad, som er avdelingsleiar for mikrobiologisk avdeling.

Han meiner heimetestane ikkje fangar godt nok opp at folk er sjuke, og dermed gir falsk tryggheit. Dette fører igjen til at sjuke, men som har negative heimetestar, går på jobb og ut i samfunnet. Der smittar dei andre igjen.

– Vi kan berre stola på positive hurtigtestar, ikkje dei negative.

Elling Ulvestad, avdelingsleiar for mikrobiologisk avdeling Haukeland.

SLØSERI: Avdelingsleiar Elling Ulvestad ved Mikrobiologisk avdeling ved Haukeland universitetssjukehus kallar bruk av hurtigtestar for falsk tryggleik.

Foto: Tony Ågotnes / NRK

Laboratoriesjefen viser til at hurtigtestane berre fangar opp rundt 55 prosent av dei som er smitta. 45 prosent av dei smitta går fri.

NRK har dei siste dagane skrive fleire saker om folk som er sjuke med korona, men som får negative utslag på hurtigtesten.

Til dømes måtte Ingrid Aminda Sverresdatter Reinholdtsen frå Steigen leggja testen under ekstra lys for å sjå at det var ein strek for positiv test.

Desse historiene meiner Ulvestad er eit bevis på at testane på langt nær fangar opp smitten. Og at det gjev falsk tryggleik.

– Eg fryktar spesielt for pasientar på sjukehus. Utstrekt bruk av heimetestar, som ikkje er til å stola på, kan gjera at sjukepleiarar går på jobb med smitte. Utan at dei veit det sjølv, seier han.

Positiv koronatest

I LYS: Her er ein hurtigtest som kan sjå negativ ut. Men i spesielt lys kom det fram at det faktisk var ein svak strek her, og personen var smitta.

Foto: Privat

Nakstad: – Ulvestad motseier seg sjølv

Assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad er heilt usamd med Elling Ulvestad, og meiner han motseier seg sjølv i all argumentasjon.

– Eg har svart på kritikken han kjem med 6–7 gonger tidlegare, seier Rostrup Nakstad.

Han meiner at Noreg, utan sjølvtesting, ikkje ville ha fått testa folk i det omfanget ein klarar i dag.

– I dag har me ein PCR-kapasitet som gjer det mogleg å testa 5 prosent av befolkninga ein gong i veka. Men med hurtigtestar kan dette verta auka til 100 prosent av befolkninga ein til to gonger i veka. Utan hurtigtestar vil me berre kunne testa under ein tiandedel av dei som i dag tek test, seier han.

Assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad

HAR SVARA FØR: Assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad meiner kritikken frå Ulvestad er feil.

Foto: Christian Ziegler Remme / NRK

– Bortkasta dobbelsjekking

– Dette gjentek Nakstad heile tida, medan vi påpeikar at hurtigtestane er forferdelig dårlege. Og han seier ikkje kva eg motseier meg sjølv i, svarar Ulvestad.

– Det er ikkje gjennomført gode studier som seier om hurtigtestane bidrar til redusert smitte, slik Nakstad hevdar, eller om alle dei falske negative testresultata gir falsk tryggheit som faktisk fører til auka smitte.

Dessutan meiner Ulvestad at Helsedirektoratet har eit ansvar for at laboratoriekapasiteten for analysering av PCR-testar i Noreg er sprengt.

– Det er heilt bortkasta at direktoratet krev at laboratoria dobbelsjekkar alle som har positiv hurtigtest. Også det er sløseri. Ein hurtigtest som viser smitte, kan me stola på.

Ulvestad meiner pasientens eigen hurtigtest, eventuelt ein ekstra hurtigtest på ein teststasjon, burde vera god nok dokumentasjon for koronapass-systemet til Helsenorge.

Lager av hurtigtestar på Haukeland.

PÅ PLASS: Ole Moss-Iversen Lundegård i Bergen kommune har styr på alle hurtigtestane som kommunen har fått.

Foto: Tony Ågotnes / NRK

Rammeavtale om kjøp

Nakstad meiner hurtigtestar er eit effektivt tiltak for å halda kontroll med pandemien, og unngå stort press mot helsevesen mellom anna.

Når det gjeld påstandane frå Ulvestad om at hurtigtestar er sløsing med pengar, meiner Rostrup Nakstad at ein rammeavtale ikkje betyr at alle milliardane vert brukt.

Han opplyser at kostnadene for innkjøp av hurtigtestar i 2021 kom på rundt 1,4 milliardar kroner.

– For 2022 er det ein rammeavtale på om lag 4 milliardar, som ikkje betyr at alt vert brukt. Men ein har moglegheit til å kjøpa meir om pandemien skulle dreia i annan retning, eller verta langvarig, seier han.

Ulvestad seier at dette er første gong Helsedirektoratet talfestar statens hurtigtest-kostnad for 2021.

– Eg har etterlyst dette to gonger, men aldri fått svar eller sett talet 1,4 milliardar kroner før. Talet virkar for lågt. Innkjøpsprisen er oppgitt til 30-40 kroner per hurtigtest. Ganga med talet på hurtigtesting i fjor, tyder det på ein kostnad på over 2,2 milliardar kroner.