Hopp til innhold

Avdekker meir grov forsikringssvindel

Forsikringsbransjen avdekker stadig meir grov svindel med sjuke- og uføreforsikringar. – Eg er redd det er store mørketal, seier utredningssjef i Tryg Forsikring.

Avdekkar meir grov forsikringssvindel

GROV FORSIKRINGSSVINDEL: Nye tal frå Finans Norge syner at forsikringsbransjen avdekkjer fleire svindelforsøk i utbetalingar av sjuke- og uføreforsikringar.

Dei fleste som forsøker seg på forsikringssvindel, gjer det ved å gje falske opplysningar om skader på bil, hus eller reiser.

Men ifølgje ein ny rapport frå Finans Norge avdekkjer forsikringsselskapa no stadig fleire svindelforsøk med sjuke- og uføreforsikringar. Det er også slike svindelforsøk som kostar selskapa mest pengar.

– Me snakkar om millionbeløp, og stadig større summar, seier Svein-Arne Kausland, utredningssjef i Tryg Forsikring.

LES OGSÅ: Svindel med biler utgjer nær halvparten av all svindel innan skadeforsikring

Avdekker fleire svindelforsøk

Svein-Arne Kausland

– MØRKETAL: Utredningssjef i Tryg Forsikring Svein-Arne Kausland trur mange slepp unna med forsikringssvindel.

Foto: NRK

Ifølgje rapporten frå Finans Noreg blei det i 2014 avslått 758 saker innan skadeforsikring og 243 saker innan sjuke- og uføreforsikring. Det totale kravet for dei avslåtte sakene var 498 millionar kroner.

Kausland trekker fram eit svindelforsøk dei avslørte etter ei ulukke på eit lasteskip.

– Etter ulukka opplyste den som var skadd at han hadde fått ein kink i ryggen i samband med at båten skulle fortøyast. Men då me gjekk inn for å greie ut saka såg me at det var ei slitasjeskade.

Slik svindel med yrkesskadeerstatning har det blitt jamt fleire av dei siste åra, sjølv om statistikken for fjoråret syner ein liten tilbakegang. Ifølgje Kausland er denne type svindel vanskeleg å avdekke, og bransjen legg ned stadig større ressursar på å avsløre dei som prøver seg.

LES OGSÅ: Drosjeeiere dømt for forsikringsbedrageri

– Prøver seg på høgare beløp enn tidlegare

Stine Neverdal

– STØRRE SUMMAR: Kommunikasjonssjef i Finans Norge Stine Neverdal seier dei som blir tatt for svindel prøver seg på høgare summar enn tidlegare.

Foto: CF Wesenberg

Kommunikasjonssjef i Finans Noreg, Stine Neverdal, seier dei som prøver seg på forsikringssvindel, no ser ut til å ta større sjansar.

– I gjennomsnitt er det 1,3 millionar kroner på kvar av dei sakene som dreier seg om sjuke og uføre. Dei som blir tatt for svindel prøver seg på høgare beløp enn tidlegare, men dei tek ein stor risiko, seier ho.

Men Svein-Arne Kausland hos Tryg Forsikring i Bergen trur dei fleste som prøver, klarer å lure forsikringsselskapet sitt.

– Forsikring byggjer på tillit. Me må nok erkjenne at me gjer opp dei fleste sakene utan dei heilt store rundane og dei store undersøkingane. Eg er redd det er store mørketal.

LES OGSÅ: Dømt for å ha senket luksusbåt