Hopp til innhold

Slo full alarm etter at person på tog varsla om kanoulukke på Voss

Redningshelikopter og alle naudetatar rykte ut etter at ein person ombord eit passerande tog hadde observert personar i naud i Raundalselvi. Situasjonen er avklart.

Personen blei observert i Raundalselvi om lag tre kilometer nord for Reimegrend stasjon på Bergensbanen.

– Me har akkurat no lokalisert rett stad ved elva og ser folk som veiver med armane etter hjelp, sa operasjonsleiar Eivind Hellesund i Vest politidistrikt klokka 18.10.

Då hadde naudetatane slått full alarm etter ei dramatisk melding frå ein person om bord eit tog på Bergensbanen.

– Meldinga gjekk ut på at det såg ut som at personen var ved kanoen og trong hjelp. Det blei gjort forsøk på å stansa toget, og politiet blei varsla, seier Hellesund.

Slo full alarm

Det blei slått full alarm og alle naudetatar rykte ut til ein pulk. Eit tog som kort tid etterpå kom i motgåande retning gav politiet meir detaljerte opplysingar om kor uhellet skulle ha skjedd, om lag tre kilometer aust for Reimegrend stasjon.

Men då politiet kom fram traff dei tre unge vaksne ikledd våtdrakter. Dei dreiv og tok bilete og video og hadde ikkje kjennskap til noko ulukke.

– Situasjonen er avklart for vår del. Redningshelikopteret har søkt opp og ned elva utan å finna noko, seier Eivind Hellesund til NRK klokka 18.35.

– Riktig vurdering

Personen om bord toget var av den oppfatning at det såg ut til at nokon trong hjelp. Hellesund understrekar at innringaren gjorde det rette.

– Dei meinte det såg ut som ei mogleg ulukke og melde frå. Så har me fått sjekka det ut og konstaterer at det ikkje stemmer.

– Det er i og for seg heilt riktig vurdering, fastslår operasjonsleiaren.