Hopp til innhold

AURLAND: Høgre forsterkar sin posisjon

Høgre forsterkar sin posisjon i Aurland til stor glede for ordførar Noralv Distad. – Eg er veldig godt nøgd. Vi gjorde eit godt val sist, og no gjer vi det endå betre.

Noralv Distad

HØGRE STØRSTE PARTI: Noralv Distad setter stor pris på støtta frå veljarane. Med 33,9 prosent er Høgre største parti.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Vallogo

Etter fire år i ordførarstolen legg ikkje Distad skjul på at han gjerne vil halde fram. Med 33,2 prosent av stemmene er Høgre største parti, føre Senterpartiet med 26,7 prosent og Arbeidarpartiet med 21,3 prosent av stemmene.

– Det er kjekt at veljarane også set pris på den jobben vi har gjort, seier Distad på telefon frå kommunehuset måndag kveld.

Distad vil ikkje ta det som ei sjølvfølgje at han får halde fram som ordførar, sjølv om han og Høgre, saman med MDG, er partia som kan vise til størst framgang.

– Dette skal det forhandlast om. Men eg håpar at resultatet blir sett på som ei grei melding frå veljarane om at dei ønskjer å gje meg og Høgre fornya tillit i ordførarvervet.

Distad seier det naturlege for dei vil vere å forhandle med Ap, som dei også har samarbeidd med den siste fireårsperioden.

– Kor lyst har du til å halde fram?

– Eg er veldig motivert og klar til å fortsette. Det har vore fire spennande år, men vi har mange og store oppgåver framfor oss, seier Høgre-politikaren.