I 2009 blei sjukebilen i Aurland flytta mellombels til Lærdal. Sidan den gong har ikkje Aurland hatt ein eigen ambulanse, sjølv om kommunen har fleire ulukker enn dei fleste kommunane i Sogn og Fjordane.
Har kjempa i fire år
VIL HA AMBULANSE: Ordførar i Aurland kommune, Noralv Distad.
Foto: Margunn Tolleshaug, Aurland kommuneI fire år har aurlendingane kjempa for få tilbake sjukebilen, og ordførar Noralv Distad er utolmodig.
– Det skulle berre mangla at det er ambulanse i Aurland. Me har våre eigne innbyggjarar, me har ein enorm gjennomgangstrafikk og me er den største turistkommunen i regionen. So det er av veldig mange omsyn svært viktig at me har høg beredskap her, seier Distad.
- LES OGSÅ:
I 2011 hadde naudetatane 60 utrykkingar i Aurland. Ved ulukker vest i kommunen, til dømes i Gudvangatunnelen, brukar ambulansen for lang tid frå Lærdal, meiner Distad.
– Der blir responstida lang, og også på fylkesveg 50 retning Hol er det stor trafikk. Me er ein vidstrakt kommune, so store delar av vår kommune ligg langt frå Lærdal.
Han understrekar at det er viktig med kort responstid når ulukka er ute.
LÆRDAL: Reisetida frå Lærdal blir for lang når ulukka er ute, meiner Distad. Her er ambulanse og redningsbil i Lærdal.
Foto: Noralv Pedersen / NRKVil ha ny ambulansestasjon
Aurland vil byggja ein ambulansestasjon i Nyheim der Lærdalstunnelen kjem ut på Aurland-sida, kloss i E16 og ved starten på fylkesveg 50 til Hol. Planen til kommunen er at Helse Førde skal leiga ein slik stasjon, og i eit møte i desember i fjor lovde helseføretaket å føra dialogen vidare, men på dei sju månadene som har gått, har ikkje ordførar Distad høyrt eit pip.
– Me er skuffa over at me ikkje får tilbakemelding, for dette er ei veldig viktig sak for oss.
- LES OGSÅ:
– At nokre prosessar tek litt lengre tid enn det Aurland kommune ønskjer, det får me berre ta med oss vidare, seier administrerande direktør i Helse Førde, Jon Bolstad.
– Ulukkesberedskapen er god nok
MEINER BEREDSKAPEN ER GOD NOK: Jon Bolstad, administrerande direktør i Helse Førde.
Foto: Tone Merete Lillesvangstu/NRKHelseføretaket skal vedta ein ny struktur for ambulansane i fylket i november. Bolstad seier at han vil ta opp att tråden med Aurland til hausten i samband med det arbeidet. Helse Førde-direktøren meiner at ambulansedekninga i indre Sogn ikkje gir grunn til uro, heller ikkje i ein ulukkesutsett kommunen som Aurland.
– Når det gjeld dei større ulukkene so er det ein større type innsats som er vanleg enn at det er ambulanse som står lokalt med beredskapen, då nyttar me andre tenester i tillegg. Der er det god dekning og moglegheiter både frå Hallingdalen, Voss, luftambulanse og redningshelikopter og andre ambulansar som er i nærleiken.
Manglar også lensmann
Det er ikkje berre tapet av ein ambulanse som vekkjer harme i Aurland. I mange år har aurlendingane vore utan lensmann. Før jul blei stillinga omsider lyst ut, men etter eit halvår er kommunen framleis utan ein lokal sjef for politiet
– Ei effektiv polititeneste i Aurland er heilt naudsynt, so me må oppmoda på det sterkaste om at det kjem mannskap på plass. Våre innbyggjarar og besøkjande er opptekne av at det er eit politi i nærleiken.
– INGEN GRUNN TIL Å VERA UROA: seier konstituert politimeister Ronny Iden.
Foto: Arne Stubhaug / NRK– Eg forstår det at lensmann står sterkt i kommunen, og at det er knytt ein del uro til det, seier konstituert politimeister i Sogn og Fjordane, Ronny Iden.
Utvalet som skulle tilsetja ny lensmann i Aurland meinte at søkjarane i fyrste runde ikkje var gode nok. Dei bestemte difor at stillinga skulle lysast ut for andre gong, men det har drege ut i tid. Det er venta at stillinga blir lyst ut på nytt før sommarferien. Iden er likevel usamd med Distad i at beredskapen i Aurland blir betre ved å få ein lensmann på plass.
– Det er ikkje nokon samanheng mellom beredskapen og det at det er ein person som er tilsett som lensmann i kommunen. All beredskap i fylket er knytt til eit større samarbeid i ein vaktregion.