I takt med kulde og mørke aukar faren for å køyre på vilt. Dei siste dagane har Statens vegvesen varsla bilistane om auka fare for å møte på vilt i heile landet.
Førre vinter vart 9288 hjortevilt påkøyrde.
– No er vi i november/desember, og så får vi ein periode i mars. Då trekker dyra frå høgfjellet og ned i låglandet, seier Rudi Sønnervik, som i mange år har drive ettersøk etter skadd vilt.
I låglandet freistar beita på dyrka jord. Salt på vegane er også noko som kan vere freistande for hjortedyr. Dermed startar høgsesongen for slike som Sønnervik, som driv ettersøk etter dyr som er skadde i trafikken.
– Då ser vi at vi får ein kjempeoppsving i påkøyrsler. I tillegg til at det sjølvsagt er mørkt, er det ofte også regn og dårleg sikt langs vegane. Det er det som er typisk for tida vi no er inne i.
Ber bilistar vere merksame
Berre den siste månadane har Vest politidistrikt registrert 152 viltpåkøyrsler.
– Vi må ta eit lite atterhald om at desse tala ikkje er kvalitetssikra, og at det kan vere nokre dobbeloppføringar, men det nok som forventa, seier operasjonsleiar Helge Blindheim.
Vestland er eit av dei store hjortefylka og i periodar får dei nesten dagleg melding om påkøyrsler.
– Vi får flest meldingar frå dei mest trafikkerte vegane som E39 og E16. No må bilistane vere merksame for hjortane kjem fort og det kan vere vanskeleg å sjå dei.
Heile 72 prosent av folk i distrikta er uroa for å møte vilt på vegen, syner tal frå Trafikkbarometeret til NAF for 2023.
Dei oppmodar bilistar om å senke farten og følge med på skilt
– Beveg blikket og følg med på terrenget ved sida av vegen. Senkar du farten med berre ti kilometer i timen, halverer du faren for ei ulukke, seier Jan Harry Svendsen som er rådgjevar i NAF.
Meir enn dobla på 10 år
Det siste året er det registrert 9288 påkøyrsler av hjortevilt i landet. Det er ein auke på 455 samanlikna med førre vinter. Samanlikna med same periode for 10 år sidan er det ein auke på 4043 dyr.
– Vi som har drive med ettersøk mange år, vi ser jo at det berre aukar, seier Sønnervik.
Han meiner det skuldast ein kombinasjon av betre vegar, høgare fart, men også at hjortestammene har blitt mykje større.
– Så det er ei utvikling vi har vore budde på.
Om uhellet ute
Skulle du vere så uheldig å køyre på eit dyr er råda tydelege: Stopp på ein trygg plass og ikkje prøv å følge etter det skadde dyret om det stikk av.
– Ring politiet på 02800. Dei set deg i kontakt med ettersøksringen eller næraste ettersøkslag. Dei vil då kunne gi deg råd om kva du skal gjere. Det er ikkje så lurt å prøve å følge etter eit skadd dyr i mørkeret, vent heller til det kjem kyndige folk til staden.