Hopp til innhold

Aukande snøskredfare: Tiril (14) opplevde 40 meter snøskred på nært hald

Kraftig temperaturauke gjer at snøskredfaren aukar over store delar av landet det neste døgnet. Tiril Flo og familien fekk sjå eit stort snøskred ved Olden i Stryn kommune.

Søndag gjekk dette snøskredet i Olden i Stryn kommune i Vestland.

STORT SNØSKRED: Eit 40 meter stort snøskred gjekk like ved Olden søndag ettermiddag.

Dei neste 24 timane er det meldt kraftig temperaturauke over store delar av landet. Dermed aukar også skredfaren betydeleg.

– På Vestlandet er det stor snøskredfare det neste døgnet. Det er ein varmfront som kjem inn og det fører til ein kortvarig, men kraftig temperaturauke, seier vaktleiar Karsten Müller ved Snøskredvarslinga.

Også i Norland og sørlege delar av Troms aukar skredfaren den næraste tida.

– Vi blir meir bekymra over naturleg utløyste skred. No er det også infrastruktur som kan bli råka som hus og vegar, seier Müller.

Oversikta frå Varsom.no viser at i morgon er det fare for fleire naturleg utløyste skred enn i dag.

På nært hald

Tiril Flo (14) og familien filma eit stort skred på rundt 40 meter i ettermiddag, like i nærleiken av Olden sentrum i Stryn kommune.

– Eg tenkte at vi måtte komme oss vekk. Det var veldig spanande. Eg har ikkje opplevd eit ras på så nært hald før.

Tiril Flo frå Olden

NÆRT HALD: Tiril Flo (14) frå Olden fekk oppleve naturkreftene på nært hald. Familien filma skredet då dei gjekk på søndagstur.

Foto: Privat

Ho skjønte fort at dei ikkje var så nær at dei kunne bli tekne av raset.

– Fonna ser mykje større ut på grunn av fonnavinden som kjem. Vi var eigentleg på trygg avstand. Det ser kraftig ut når det kjem ned fjellet på grunn av vinden, seier Tiril.

Faren Rolf Olav Flo seier det jamleg går skred frå denne staden, men at det i år er meir snø enn normalt i fjellet.

– Normalt sett er ho veldig stor, men kanskje litt større enn vanleg i år. Den går rett forbi tettbygd strøk og det er bustadhus i nærleiken. Vi har ikkje sett den på så nært hald før, seier han.

Kart - Olden

Politiet rykte ut

Politiet rykte ut då dei fekk melding om at skredet gjekk over eit turterreng og at det var uavklart om nokon var tekne. I tillegg vart naudetatane tilkalla og frivillige skredressursar varsla. Når naudetatane kom fram til staden vart det raskt konkludert med at ingen var tekne.

Bilete av ras i Olden

STORT SKRED: Det har skred frå dette området nær Olden sentrum tidlegare, men i år kom skredet lenger ned enn normalt.

Foto: Politiet

Plussgrader på fjellet

Vakthavande meteorolog stadfestar at vêrskiftet er betydeleg det neste døgnet.

– I låglandsstrøka kan temperaturen kome opp i 13-14 grader enkelte stadar. Det ser også ut til at mildlufta slår inn i fjellet. Det blir truleg varmegrader mellom 1000 og 1200 meter over havet.

Temperaturskiftet endrar snøstrukturen og aukar skredfaren. Når temperaturen aukar så fører det til at det kjem meir spenning i snødekket. Då kan brot oppstå og skredet losnar av seg sjølv.

Skredvarslinga ber dei som går på tur halde ekstra stor avstand til bratte fjellsider.

– Ettersom det no er større fare for naturleg utløyste skred: Hald avstand frå skredterreng, det vil seie hovudsakleg brattare enn 30 grader. Men slik forholda er no kan det også losne av seg sjølv i slakare terreng, seier Karsten Müller.