Hopp til innhold

Aukande fare for snøskred i fjellet

Det er betydeleg fare for snøskred på Vestlandet og i Nord-Norge denne helga. – Forholda no er dei som gir flest ulukker, fortel NVE.

Skredfare

SKREDFARE: NVE åtvarer om aukande snøskredfare i fleire fylke denne helga. Skigåarar blir bedt om vera varsame i både Troms, Nordland, Mørge og Romsdal, Sogn og Fjordane og Hordaland.

Foto: Kallestad, Gorm / NTB scanpix

NVE har sett faregrad 3 og betydeleg snøskredfare over stort sett heile Vestlandet og i store delar av Nord-Norge denne helga.

Dette er nest høgste farenivå og det krev god kunnskap å ferdast trygt i fjellet når forholda er slik dei er no. Vaktleiar Solveig Kosberg ved skredvarslinga til NVE seier folk må førebu seg godt før dei reiser ut på tur i dag.

– Faregrad 3 er krevjande. Slik snøforholda er no krev det mykje kunnskap om korleis ein skal bevega seg trygt. Dette er det den faregraden der det skjer flest ulukker, seier Kosberg.

Unngå bratte fjellsider

Ho seier det beste er å unngå fjellsider ein er usikker på.

– Er ein usikker, vil eg helst be folk om å halde avstand. Og i fjellsider som er brattare enn 30 grader er det best å halde seg vekke. Det er vanskeleg å bevega seg i fjellet no, åtvarar Kosberg.

Årsaka til at NVE har satt faregrad 3 over store delar av Vestlandet og Nord-Norge, er at det mange stader ligg fokksnø over svakare lag i snøen. Mange stader er det også nysnø som så langt har fått ligga i ro.

Snøras Haukeli

For seks dagar sidan vart fem personar tatt av eit snøskred på Haukeli. Alle slapp unna med skrekken.

Foto: Sondre Gunleiksrud

Fleire skred laurdag

Klokka 13.00 har det allereie gått to skred i Nord-Norge. Først på Helgeland, der eit turfølge på tre personar utløyste eit snøskred i Kattrenna på Sjonfjellet.

Skredet starta langt oppe i fjellet, og dei tre klarte å komme seg vekk frå snømassene i tide.

Ringvassøya i Troms har det også gått eit snøskred. Her er det sendt helikopter med politihundar til staden.

I Ryfylke i Rogaland vart ein bil truffe av isklumper som rasa ned på fylkesveg 631 mellom Randøy og Fister.

Forventar naturlege skred

  • I Sogn og Fjordane ventar NVE at middels store eller store skred kan utløysast av seg sjølv. Varselet lyder slik:

«Komplekse forhold med nysnøflak og vedvarende svake lag i høyden. Våte løssnøskred under mildværsgrensa. Trygg ferdsel krever mye kunnskap.»

  • På resten av Vestlandet ber NVE om å:

«Unngå leområder hvor et svakt lag av overflaterim kan ligge under fersk fokksnø. Fjernutløsning mulig.»

  • I Nord-Norge:

«Unngå leområder med fersk fokksnø. Unngå også områder der snødekket over svakt lag er tynt, eksempelvis nær rygger og på konvekse terrengformasjoner. »

Snøskredfare i Norge 23. januar

Oransje farge syner områder med betydeleg snøskredfare, medan gult syner moderat.

Foto: NVE

Sjekk varslinga

Skredvarslinga følgjer situasjonen tett og vil koma med eit oppdatert varsel i ettermiddag. Det er nemleg venta temperaturauke fleire stader, noko som aukar sannsynet for at skred losnar.

NVE sine nettsider kan ein følgja med på siste nytt om skredvarslinga i det området der du skal ferdast i fjellet.