Hopp til innhold

Auka interesse for andelslandbruk: – Eg trur folk begynner å tenka at sjølvforsyning er lurt

FØRDE (NRK): Stadig fleire vil dyrke sin eigen mat. Bønder som driv andelslandbruk merkar at fleire tar kontakt.

Sjur Wie og Marit Bendz sår frø i Vie andelslandbruk

LUKKE: Sjur Wie og Marit Bendz sår frø til plantar som må spira inne i drivhus før dei kan settast ut i åkeren. – Ein vert lukkeleg av å grava i jorda.

Foto: Benedikte Grov / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– No har me sådd alt som må spira inne før det kan settast ut i åkeren, fortel Marit Bendz.

Dei har mellom anna sådd sellerifrø, kål, basilikum og peparrot. Til saman har dei vanlegvis mellom 40 og 50 ulike sortar grønsaker i jorda i løpet av ein sesong.

Saman med Sjur Wie driver ho Vie Andelslandbruk. Der kan folk kjøpa seg inn i drifta. I bytte mot 15 dugnadstimar gjennom sesongen får dei tilgang til ferske grønsaker.

– Eg synest det er hyggeleg at folk kjem her etter ein lang arbeidsdag og får ei slik ro. Her skal dei berre luka og ikkje tenka på noko, seier Sjur Wie.

– Den siste tida har det kome ein del nye som vil verta andelsbønder. Interessa for andelslandbruk er aukande både i Noreg og resten av verda, fortel Bendz.

Ho meiner det er grunna koronaviruset og situasjonen me er inne i no.

– Eg trur folk begynner å tenka at sjølvforsyning er lurt.

Noregs Bondelag arbeider etter same tankesett. Dei har eit mål om at me skal verta meir sjølvforsynte.

Sjur Wie sår frø i for Vie andelslandbruk

FRØ I JORDA: På Vie andelslandbruk reknar dei med å kunne hauste dei fyrste salatane allereie i slutten av mai.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Moglegheit for meir norsk produksjon

– Me bør ha ein sjølvforsyningsgrad på over 50 prosent når ein reknar med tal for både mat og dyrefôr. Dess dårlegare sjølvforsyningsgrad dess større risiko er det for matmangel i uår eller under pandemiar, seier Anders Felde, fylkesleiar i Sogn og Fjordane Bondelag.

Trass målet om auka sjølvforsyning fortel han at graden av sjølvforsyning har gått jamt ned over lang tid.

– Kornproduksjonen her til lands er ikkje stor nok til å dekka behovet sjølv i gode år. Me importerer mykje me kunne produsert sjølv.

Politikarane har likevel tid til å gjera endringar som kan påverka produksjonen for denne sesongen.

– Mange av grønsakene er endå ikkje i jorda. Om politikarane ønsker ei endring av kva som skal produserast har dei framleis tid til å gjera tiltak som påverkar denne sesongen. Dei kan til dømes omdisponera produksjonsavtalar og på eit eller anna vis garantera for at bøndene får selt grønsakene dei dyrkar.

Positiv til kjøkenhage

Felde håper koronaviruset kan få folk til å opna auga for at me må auka norsk matproduksjon.

– Ei auka interesse for å produsera mat sjølv er utelukkande positivt. Det kan få forbrukarane til å tenka gjennom arbeidet som ligg bak grønsakene. I tillegg kan folk få ei forståing rundt utfordringane med grønsakproduksjon.

Anders Felde

UNØDVENDIG IMPORT: Anders Felde, leiar i Sogn og Fjordane Bondelag fortel at me mellom anna importerer over 10.000 tonn ferdigpizza i året. Han serer det er uproblematisk å legga opp til ein høgare sjølvforsyningsgrad om berre politikarane, butikkjedene og matindustrien går inn for det.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Om mange no lagar seg kjøkenhagar er han ikkje uroa for at volumet skal verta så stort at det går ut over produksjonen til bonden.

Bendz råder folk som har lyst til å prøva og dyrka eigne grønsaker å berre hoppa i det.

– Om ikkje alt spirer i år kan du prøva igjen neste år eller du kan verta medlem i eit andelslandbruk og læra. Eg har lært mykje dei fire-fem åra me har drive med dette.

– Ja, me har plass til fleire, stadfestar Wie.